Du kan også søke om støtte til tiltak som gjer at

  • hjelpeapparatet lærer meir om korleis dei skal førebygge kriminalitet
  • hjelpeapparatet fangar opp ungdom som er i risikosona
  • utsett ungdom opplever meistring
  • ungdomsmiljø blir tryggare

Du må sende søknad innan 1. mars.

Det er sett av 7,4 millionar kroner til slike tiltak. Gjeld søknaden din eit beløp under 200 000 kr? Då vil han som hovudregel ikkje bli prioritert.

Desse kan søke om tilskot:

  • frivillige og andre ideelle organisasjonar
  • privatpersonar, så lenge verksemda ikkje baserer seg på forteneste
  • frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret

Kva for typar tilskot finst det?

Du kan søke om tilskot til drift eller tilskot til prosjekt:

  • Tilskot til drift gjeld tenestene du eller organisasjonen din tilbyr.
  • Tilskot til prosjekt gjeld avgrensa oppgåver for å nå politiske mål.

Forskingsprosjekt og evalueringar får ikkje tilskot.

Kva er målgruppa for ordninga?

Målgruppa for ordninga er i hovudsak barn og unge som har risiko for å gjere kriminelle handlingar. Ordninga gjeld også barn og unge som står i fare for å bli utsette for kriminalitet.

Vi kan vurdere tiltak som rettar seg mot ei breiare målgruppe.

Kva meiner vi med barn og unge i risikosona?

Vi bruker omgrepet risikofaktorar om alle forhold som aukar faren for at barn og unge utviklar vanskar. Vi seier då at dei er i risikosona. Faktorane kan vere knytte til miljø og enkeltpersonar. Faktorar som er knytte til miljø, kan vi dele inn i tre nivå:

  1. samfunnet
  2. nærmiljø, bumiljø, barnehage, skole og arbeidsmiljø
  3. familie og sosialt nettverk

Kva meiner vi med hjelpeapparatet?

Hjelpeapparatet er dei tilsette i ulike offentlege etatar. Eksempel på slike etatar er skole, barnevern, politi og helsevesen.

I hjelpeapparatet finner vi også frivillige og ideelle organisasjonar som arbeider med å førebygge kriminalitet hos barn og unge

Dette legg vi vekt når vi vurderer søknadene:

  • Vi prioriterer tiltak retta mot barn og ungdom.
  • Vi ser på om tiltaket rettar seg mot barn og unge som er i risikosona for å gjere kriminelle handlingar. Dette gjeld også kriminalitet ved bruk av internett eller teknologi. Vi ser også på om tiltaket gjeld førebygging av kriminalitet som rammar barn og unge.
  • Vi ser på om tiltaket legg til rette for samarbeid med politiet.
  • Vi ser på om tiltaket styrker kompetansen om førebygging. Spesielt gjeld dette kompetansen hos tilsette innan hjelpeapparatet, foreldre eller andre vaksne som jobbar med barn og unge.
  • Vi ser på om tiltaket når ut til så mange som mogleg i målgruppa.
  • Vi ser på om tiltaket fører til samarbeid mellom ulike aktørar.
  • Vi ser på om tiltaket har ein plan for korleis det skal bli sett i verk etter at prosjektperioden er over.
  • Vi ser på om tiltaket kan bli brukt på fleire område.
  • Krev tiltaket at mange må hjelpe til med å gjennomføre det? Då kan det hende at tiltaket ikkje får støtte. Vi kan kome fram til at tiltaket vil vere vanskeleg å gjennomføre.
  • Har du planlagt eit prosjekt som skal vare i fleire år? Då kan det hende at det ikkje får støtte. Det er fordi vi kan vere usikre på korleis vi skal finansiere det i framtida.
  • Gjeld tiltaket førebygging av bestemte typar kriminalitet med ei breiare målgruppe enn barn og unge? Då prioriterer vi tiltak som har med vald å gjere. Dette kan for eksempel vere vald i nære relasjonar, seksuelle overgrep, radikalisering og hatkriminalitet. Hatkriminalitet er kriminalitet som er motivert av hat eller fordommar på grunn av for eksempel etnisk bakgrunn, religion eller seksuell orientering.
  • Vi prioriterer tiltak som direkte går ut på å førebygge kriminalitet. Slike tiltak blir derfor prioriterte høgare enn tiltak som berre indirekte går ut på dette.

1. Fyll ut søknadsskjema for tilskot til tiltak mot kriminalitet (15 kB).

  • Driv verksemda di med økonomisk aktivitet? Då må du gi beskjed om det.
  • Leiaren eller generalsekretæren i organisasjonen må skrive under på søknaden.

2. Du må legge ved:

  • vedtekter og siste godkjende årsrekneskap
  • ei forklaring av tiltaket og kva som er formålet, målgruppa og målet for tiltaketein plan for
    • korleis de skal gjennomføre tiltaket

    • kva for verkemiddel de skal bruke

    • kva for samarbeidspartnarar de har

    • korleis de skal organisere arbeidetkor lang tid arbeidet skal ta

  • ei forklaring av korleis de skal vidareføre prosjektet
  • eit budsjett for tiltaket eller prosjektet
  • andre opplysingar som kan bety noko for søknaden

3. Send søknaden med vedlegg til politidirektoratet@politiet.no .

Tilskot frå departementet blir normalt tildelte innan utgangen av mars.

Er ikkje alle midlane fordelt etter dette? Då kan det kome ei ny kunngjering med 1. august som søknadsfrist.

Alle får skriftleg svar når søknaden er behandla.

Har du blitt tildelt støtte? Då skal du rapportere om kva for mål og resultat de har oppnådd. Du finn nærare krav til rapporteringa i tilskotsbrevet.

Har du fått tilskot på inntil 200 000 kroner? Då må du sende ein rapport som viser at tiltaket er gjennomført på ein god måte. Det kan hende at du må dokumentere korleis du har brukt ressursane.

Har du fått tilskot frå og med 200 000 kroner? Då må du også sende ein rapport som viser at tiltaket er gjennomført på ein god måte. Som hovudregel skal dette gå fram av årsrapporten til organisasjonen din. I tillegg må du sende inn årsrekneskapen. Det må vere attestert av ein revisor. Vi vil gjerne at du bruker den aktivitetsbaserte rekneskapsstandarden. Dette er ein eigen måte å føre rekneskap på for ideelle organisasjonar. Ein aktivitetsrekneskap gir informasjon om korleis innsamla midlar og tilskot faktisk blir brukte. Årsrekneskapen skal ha noteopplysingar som viser at tildelte tilskot faktisk er førte som inntekter. Rekneskapen skal også vise kor stort tilskotet er i forhold til dei totale utgiftene og inntektene.

Du må bruke tilskotet i tråd med formålet, aktivitetane og budsjettet som står i tilskotsbrevet.

Vil du gjere endringar i grunnlaget for tilskotet? Då må du først kontakte forvaltaren av tilskotet skriftleg og få samtykke frå vedkommande. Forvaltaren av tilskotet er i utgangspunktet departementet. Men det kan også vere eit offentleg organ som forvaltar tilskotet på vegner av departementet.

Samarbeider du med andre om tiltaket? Då skal du gjere dei kjende med krava som ligg til grunn for tilskotet.

Har du brote krava som ligg til grunn for tilskotet? Viser årsrapporten, rekneskapen eller andre opplysingar at du har brote krava? Då kan forvaltaren av tilskotet:

  • krevje at du rapporterer meir
  • seie nei om du søker om tilskot seinare
  • gje deg mindre tilskot seinare
  • krevje at du betaler tilbake tilskotet

Forvaltaren av tilskotet og Riksrevisjonen kan kontrollere at midlane blir brukte slik dei skal. Sjå Stortinget sitt løyvingsreglement § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd for meir informasjon.

Du må som hovudregel bruke og rekneskapsføre tilskot same år som du får tilskotet.

Du kan klage på vedtak om tilskot. Klagefristen er tre veker frå du får vedtaket. Du må sende klaga til Politidirektoratet. Det er Justis- og beredskapsdepartementet som behandlar klaga.

Regelverket for ordninga med tilskot blei bestemt av Justis- og beredskapsdepartementet 15. januar 2016. Sjå Stortinget sitt budsjettvedtak 17. desember 2015 og proposisjon til Stortinget 1 (2015–2016) kapittel 440, post 70.

Kontakt oss

Har du spørsmål om tilskuddsordningen, ta kontakt på e-post: hanne.marie.persson@politiet.no.