Hovudstemnevitne som er ansvarleg for dei forkynningane som blir utført, og som er leiar for det kontoret som utfører forkynningar. I praksis vil det vere tilsette (hjelpe-)stemnevitne som utfører forkynningane. Det går fram av domstollova §§ 63.

Organisering av stemnevitne

I lensmannsdistrikta er lensmannen hovudstemnevitne.I namsfogddistrikta er namsfogden hovudstemnevitne.I politistasjonsdistrikta med sivile rettspleieoppgåver er politistasjonssjefen hovudstemnevitne.

Organiseringa av stemnevitna varierer frå distrikt til distrikt. Det kan vere ulike kontor innan same distrikt som utfører forkynningar, avhengig av om forkynninga gjeld dokument i ei sivil sak eller ei straffesak.

Ved forkynning av straffesaker kan ein i staden for å bruke stemnevitne heller gjennomføre forkynninga ved ein tilsett i politiet eller ein tilsett i kriminalomsorga. I større kommunar og byar vil politiet ofte ha eigne stemnekontor som forkynner straffesaker.

Døme på organisering

I Oslo forkynner namsfogden sivile saker, medan politiets stemnekontor forkynner straffesaker. I Tromsø forkynner namsfogden både sivile saker og straffesaker. I lensmannsdistrikt vil lensmannskontoret forkynne både sivile saker og straffesaker.