Før du klagar til forliksrådet

Du må sjølv forsøke å få det du har krav på, før du kontaktar oss. Det er du som klagar som betalar rettsgebyret for handsaminga av saka i forliksrådet. Du vil få giro tilsendt i posten.

Slik klagar du

Når du skal klage brukar du skjemaet for forliksklage:

Last ned skjemaet

Du må oppgje:

  • forliksrådet i kommunen der klagemotparten bur (den du krev oppgjer frå), som er der saka skal handsamast.
  • namnet ditt og adressa di, eventuelt namn og adresse for den som stiller i staden for deg (prosessfullmektig)

  • namn og adresse til klagemotparten, og eventuelt fødsels- eller organisasjonsnummerkva saka gjeld og ei skildring av saka

  • kva du ønskjer at klagen skal føre til (påstand)om du krev at ein dom vert avsagt dersom ikkje klagemotparten møter i forliksrådet (fråværsdom)

Forklaringar til skjema for forliksklage:

Summen du meiner klagemotparten skylder. Dersom du krev morarente frå forfallsdatoen og fram til datoen for forliksklagen, kan du føre det opp. Morarente er ei rente for for sein betaling.

Feltet er for inkassoselskap.

Kan sløyfast

Det det kostar deg å få handsama saka i forliksrådet.

Du kan føre opp inntil 4x rettsgebyret for utgifter til naudsynt advokathjelp eller anna rettshjelp. Dette må dokumenterast.

Dersom tidlegare kostnader ved utleggsbegjæring eller liknande.

Sende forliksklagen

  1. Du sender som hovudregel klagen til forliksrådet i kommunen der klagemotparten bur.
  2. Du bør også sende kopi av klagen til klagemotparten.

Du kan kontakte forliksrådet og få hjelp til å skrive klagen, dersom du treng det. Ta kontakt med politiet for å få rett adresse.

Finn forliksråd

  1. Din posisjon
1 Resultater er tilgjengelig. Bruk tastatur eller sveip-bevegelser for å navigere.

Når forliksrådet handsamar klagen

Forliksrådet sender ein kopi av klagen til klagemotparten med krav om svar tilbake før ein fastsett frist. I svaret til forliksrådet skal motparten opplyse om kravet blir godtatt eller ikkje. Du som har klaga, får kopi av svaret dersom vi høyrer frå klagemotparten.

Klagemotparten godtek kravet

Då kan forliksrådet avseie dom, og klagemotparten må då innfri kravet.

Klagemotparten svarar ikkje

Svarer ikkje motparten, kan forliksrådet avseie fråværsdom om du ønskjer det, dersom vilkåra for det er til stades. Kravet skal då innfriast fullt og heilt før ein fastsett frist.

Klagemotparten godtek ikkje kravet

Då vert du og motparten innkalla til mekling.

  • Dersom klagemotparten ikkje møter, kan forliksrådet avseie fråværsdom, dersom du krev det og vilkåra for det er til stades. Kravet skal innfriast fullt og heilt før ein fastsett frist.
  • Dersom du som klagar ikkje møter, kan saka bli avvist. I nokre tilfelle har du då høve til å fremje saka på nytt.

Møteplikt

Både du som klagar og klagemotparten din har møteplikt så lenge de bur i same kommune eller i nabokommunen til forliksrådet. Bur de utanfor dette området, har de gyldig fråvær og kan sende nokon som kan stille i staden for dykk sjølve. Det kan også være andre grunnar til gyldig fråvær.

Uansett årsaken til fråværet er det viktig å varsle forliksrådet skriftleg og i god tid, slik at dei kan ta stilling til om de kan sende nokon i staden for dykk sjølve til møtet, eller om møtet må utsetjast. Fråværet må kunne dokumenterast.

Ulike utfall av handsaminga i forliksrådet

Semje (forlik)

Blir de einige, signerer de eit forlik - ein bindande avtale mellom partane på lik linje med ein rettskraftig dom. Det betyr at skyldnaren forpliktar seg til å innfri kravet på den måten de vart einige om i møtet.

Dom

  • Er tvistesummen over 125 000 kroner, kan forliksrådet berre avseie dom om begge partar er einige om det.
  • Er tvistesummen under 125 000 kroner, held det at ein av partane ber om at dom vert avsagt.
  • Vert de ikkje einige, går saka vidare i domsforhandling. Då avseier dommarane ein dom for lukka dører utan at de sjølve er til stades. Resultatet får de tilsendt per post.
  • Dersom klagemotparten har godteke kravet i tilsvaret, kan ein dom verte avsagt utan rettsmøte.

Får du ikkje dekka kravet ditt etter dette, kan du få hjelp av namsmannen.

Er du ueinig i utfallet av ein dom som forliksrådet har avsagt, kan dommen overprøvast ved at du tek ut stemning til tingretten.

Fråværsdom

Viss klagemotparten ikkje svarar på tilsvar før fristen eller ikkje møter i forliksrådet, kan rådet avseie ein fråværsdom. Dommen, som er lik det du har bede om i forliksklagen, seier då at kravet må innfriast innan to veker.

Innstilling

Dersom forliksrådet ikkje ønskjer eller ikkje kan avseie dom i ei sak, går saka til tingretten for handsaming der. Forliksrådet kan også innstille ei sak før møtet om ein av partane ber om det.

Viss motparten framleis ikkje innfrir kravet

Ettersom det då allereie er avsagt ein dom i forliksrådet, kan du krevje hjelp av namsmannen til å få kravet dekka ved å sende eit utleggskravsmål. Då kan namsmannen ta pant (utleggspant) i skuldnaren sine eigedelar, eller gjere trekk (utleggstrekk) i inntekta hans eller hennar.

Kravet må ikkje være forelda. Det vil seie at det ikkje må vere eldre enn 10 år frå domsdatoen.