Ferdsel ved den norsk-russiske grensa
Er du i området ved den norsk-russiske grensa? Då må du unngå å krysse grensa og gjere ting som kan føre til konfliktar. Det er berre ved Storskog grensepasseringsstad at du kan krysse grensa.
Når du er ved den norsk-russiske grensa, er det forbode å
- krysse grensa på land, i vatn og i lufta
- ha kontakt over grensa
- kome med fornærmingar mot eller over grensa
- fjerne, skade eller øydelegge grensemerke
- fotografere russisk personell og forsvarsmateriell på russisk territorium på ein måte som er nærgåande eller provoserer