Reglar når du skal fiske i vassdrag ved grensa

Det er lov å fiske inntil grenselinja. Men du må sette deg inn i og rette deg etter forskriftene som gjeld for fiske i norsk del av Pasvikelva og Grense Jakobselv.

Det er berre norske borgarar som kan fiske i Pasvikelva ovanfor demningen ved Boris Gleb. Skal du fiske i Grense Jakobselv? Då må du ha hatt bustadadresse i Noreg det siste året. Du må i tillegg ha gyldig fiskekort.

Reglar når du skal vere i vassdrag ved grensa

Skal du bruke eit fartøy i eit vassdrag ved den norsk-russiske grensa? Då må fartøyet først vere registrert hos Grensekommissariatet. Det må også ha synlege skilt på begge sider. Eksempel på fartøy kan vere båt, kano eller kajakk. Du kan bruke fartøy i grenseelvene når det er lyst ute. I mørke gjeld reglar om avstand til grenselinja. I tillegg gjeld krav til lyssetting. 

I sommarhalvåret er grenselinja i nokre område av Pasvikvassdraget merkt med gule bøyer. Enkelte steinar og grunner er markerte med svarte bøyer. Her må du vere forsiktig! Det kan vere steinar og grunner som ikkje er merkte. Det kan variere om det er grunt eller djupt. Inngangen og utgangen til tronge farvatn er merkt med ei stor, kvit bøye.

I «tronge farvatn» i Pasvikelva har du rett til å køyre uhindra gjennom hovudløp med eit fartøy. Dette gjeld sjølv om du må krysse grenselinja. Det er ikkje lov til å fiske eller stoppe på russisk side.