Kan du fotografere i grenseområdet?

Du kan fotografere når du er i grenseområdet. Men du må følge reglane som gjeld. Vi oppfordrar deg til å vise sunn fornuft, slik at du

  • unngår å fotografere tett inntil russisk territorium og for nært opp mot russiske grensevakter
  • unngår fotografering som kan vere provoserande

Kan du vere i området rundt Treriksrøysa?

Det er ikkje lov å gå rundt Treriksrøysa. Grunnen er at du må krysse grensa til Russland for å gå rundt.

Du bør halde deg unna grensegata. Faren er stor for at du kan kome til å krysse grensa her.

Grensemerket Treriksrøysa blir kontinuerleg overvaka av begge land. Til dette bruker ein grensevakter, patruljerande personell, observasjonspostar og teknisk overvaking. Norske, finske og russiske grensemyndigheiter samarbeider om overvakinga.

Kan du ha kontakt med folk på andre sida av grensa?

Det følgande er ikkje lov:

  • Du kan ikkje snakke med eller ha annan kontakt med folk på andre sida av grensa. Det einaste unntaket er viss du har fått lov til dette av Grensekommissæren.
  • Du må ikkje gjere ting som kan verke fornærmande ved grensa. Dette gjeld anten det er retta mot nabolandet eller myndigheitene i landet.

Det følgande er lov:

  • Går du langs riksgrensa og nokon på den andre sida av grensa er i nærleiken? Då er det lov å helse eller svare på ei helsing frå dei.
  • I nødstilfelle skal du sjølvsagt hjelpe til med éin gong. Då kan du krysse grensa om det er nødvendig. Dette gjeld så lenge ikkje personen allereie har fått hjelp av andre. Fører eit nødstilfelle til samtalar over grensa? Eller i verste fall til at grensa blir kryssa? Då skal du så fort som mogleg gi beskjed om dette til næraste grensestasjon eller Grensekommissariatet.