Øvinga blir leia av Politidirektoratet og vil i år i hovudsak foregå i Agder og Oslo. Totalt er rundt 900 personar frå politi, Forsvaret, departement og sivile samarbeidspartnerar involverte i øvelsen.

Terror er kriminalitet, og i Norge er det politiet som har ansvaret for å handtere terrorhendingar i Norge, medan Forsvaret kan bistå med utstyr og personell når politiet ber om det. Øvelse Nordlys skal øve og vidareutvikle evna til samhandling og felles nasjonal innsatsevne frå både justis- og forsvarssektoren. I tillegg skal den også kunne gi rom for å inkludere andre viktige nasjonale funksjonar innan krisehandtering.

Samla ressursbruk politi og Forsvar

For å ivareta den nasjonale terrorberedskapen må det sikrast at dei samla ressursane hos politiet og Forsvarets blir øvd på ein slik måte at dei i størst mogeleg grad er klare for relevant innsats. Dette føreset realistiske øvingar, som mellom anna sikrar grunnlaget for utvikling av god rolleforståing og godt samvirke etatane imellom ved reelle hendingar. For å tilrettelegge for relevante øvelsesscenarie og godt øvingsutbytte er det i planlegginga tatt utgangspunkt i reelle og aktuelle trussel- og risikovurderingar.

Ny bistandsinstruks

Forsvarets bistand til politiet blir regulert gjennom eigen instruks. Det er vedtatt ny instruks som gjeld frå 1. september, og den blir øvd for første gang. Den nye instruksen skal sikre at avgjerder om bistand frå Forsvaret til politiet blir tatt så raskt som mogeleg i ei krise.

Etterforsking og etteretning skal også øvast

Terrorhendingane i Europa dei siste åra har vist at det er store menger informasjon som må innhentast og analyserast på kort tid. Som regel er det ikkje berre ein gjerningsmann, men fleire. Og det er ikkje bare ein tilslagsstad og åstad, men mange. Øvelse Nordlys inkluderar også etterforsking og etterretning, i tillegg til operativ innsats frå politi og forsvar. Etterforsking og etterretning er ein del av totalberedskapen til politiet. Det er avgjerande at alle delar av politiets innsats kjem i gang når noko alvorleg skjer.

Samarbeid lokalt politi og nasjonale beredskapsressurser

Den primære målgruppa for øvinga er taktisk nivå i nasjonal krisehandtering, men samtlege nivå skal øvast. Lokalt politidistrikt samøvar med politiets nasjonale beredskapsressursar, mellom anna beredskapstroppen og Teknisk og Taktisk Spaning (TTS). For å utvikle og forbedre den nasjonale krisehåndteringen vil alle nivå bli øvd samtidig. I tillegg skal det øvast på at ulike nivå i politiet løyser oppgåvene saman med Forsvaret, mellom anna Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), Forsvarets spesialstyrkar og Luftforsvaret.

Mykje synleg politi

For innbyggarane i Agder vil det vere mykje synleg politi i Kristiansandsområdet, og det vil vere meir synleg politi enn vanleg i Oslo sentrum mandag og tirsdag. Det vil i tillegg vere noko helikoptertrafikk i begge øvingsområda. Vi ber om at publikum forheld seg til rettleiing frå politiet.

Desse øver

Justis- og beredskapsdepartementet (JD), Forsvarsdepartementet (FD), Politiets sikkerhetstjeneste (PST), Politidirektoratet (POD) , Oslo politidistrikt, Agder politidistrikt, Politihøgskolen (PHS), KRIPOS
Økokrim, Politiets utlendingsenhet (PU), Utrykningspolitiet (UP), Den høyere påtalemyndighet – Riksadvokaten og Nasjonalt Statsadvokatembete, Forsvaret, Stortinget, Luftfartstilsynet, Hovedredningssentralen Sør-Norge og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).