Politiet skal øve meir
- Vår ambisjon er at heile politiet innan tre til fire år skal ha gjennomført kontraterrorøvelsen Nordlys, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård, etter at øvelsen denne veka blei gjennomført i Oslo og Agder.

Politidirektøren meiner politiet aldri har vore betre rusta for å handtere terrorhendingar enno no, samstundes må vi likevel øve for å utvikle kompetanse, og vi må forbetre materiell og utstyr.
Samspel lokalt og nasjonalt
Godt koordinert samspel av avgjerande for å handtere alvorlege hendingar, og denne gongen blei det demonstrert ved at lokalt politi løyste oppdraget saman med nasjonale bistandsressursar, Forsvaret og nødetatane.
Stort løft å gjennomføre
Rundt 900 personar har vore involverte på ulikt vis. Det har mellom anna vore eit mål å øve den nye bistandsinstruksen, objektsikring, stabsarbeid og PLIVO (Pågåande livstruande vold) under realistiske omstende. Sjølv om det er eit stort løft og krev omfattande planlegging som tek mykje ressursar, er det ikkje tvil om at vi må halde fram med å øve. Det er også godt å slå fast at sjølve øvinga blei gjennomført utan skader på materiell eller mannskap.
Avventar evaluering
Øvinga skal som vanleg evaluerast av PHS. - Vi må avvente konklusjonane derifrå før vi kan si noko endeleg om læringspunkt, som det heilt sikkert vil vere mange av, seier Humlegård.





