Tala viser at 41,8 prosent av studentane som stod på eksamen i vår hadde jobb i politiet ved utgangen av september, og 12,1 prosent har fått fast jobb. For tilsvarande periode i 2017 hadde 51,9 prosent jobb i politiet, og 11,9 prosent hadde fast jobb.

For studentar som gjekk ut våren 2017 har 84,6 prosent stilling i politiet ved utgangen av september 2018. 61,4 prosent frå dette kullet har fast stilling i politiet. Tal for 2016-kullet viser at 93,4 prosent har stilling i politiet, og 81,7 av fast jobb.

- Tilsetting av avgangsstudentar i år er kun finansiert for siste kvartal, og det forklarer at tala hittil i år er noko svakare enn tidlegare år. Stillingane er fullfinansierte vidare frå 2019 dersom budsjettet som er lagt fram no vert vedtatt. Det vil difor bli utlyst mange stillingar i politiet fram mot nyttår, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad.

Tal for dei siste kulla finn du på bemanning og dekningsgrad.

  • Bemanning