Illustrasjonsfoto av pass
Sikkerhetsnivået for norske pass må betrast for å møte dei internasjonale krava.

Justis- og beredskapsdepartementet (JD) har bestemt at talet på tenestestadar som skriv ut pass og ID-kort skal reduserast i heile landet. 

Etter omlegginga vil det stå att totalt 78 pass- og ID-kontor på fastlands-Norge, pluss eitt på Svalbard. Reduksjonen går frå dagens 141 til 78.

Sju av kontora som utgår ligg i Møre og Romsdal:

Videreførast og oppgraderast

Avviklast

Kristiansund, Molde, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Ulstein og Hareid (tenestestaden ligg i Ulsteinvik), Volda og Ørsta (tenestestaden ligg i Hovdebygda), Ålesund

Aure, Tingvoll, Fræna, Haram, Rauma, Vestnes, Vanylven

 

- Det er høge internasjonale krav og forventningar til måten norske pass skal skrivast ut. Desse held vi ikkje i dag, slik situasjonen er. Det har vore for enkelt å skaffe eit ekte norsk pass på falskt grunnlag, seier politiinspektør Marianne Nørgaard Aae, leiar for felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt som har fagansvaret for passtenesta.

- Norske pass har høg internasjonal status og gir visumfridom til mange land. Det kan brukast som verkemiddel til alt frå svindel og trygdemisbruk til organisert kriminalitet og terrorisme. Slik er det også ettertrakta i kriminelle miljø. 

For å oppretthalde tilstrekkeleg kvalitet når vi skriv ut passa er det heilt naudsunt å avgrense talet på små passkontor. Når nye pass no kjem vert tenesta utført i fysisk sikra lokaler, og av medarbeidarar med høg ID-fagleg kompetanse.

Pass- og ID-kontor i framtida er noko anna enn dei passkontora vi kjenner i dag.

Dei nye passa skal innehalde biometriske data, noko som koplar person og pass saman i større grad. Dette for å avverge at mennesker som har fått tak i eit norsk pass på falskt grunnlag kan bruke desse.

Med den nye strukturen på tenestetilbodet ser vi at fleire får lenger reiseveg til næraste pass- og ID-kontor. For å avhjelpe og få ei mest mogleg brukarvenleg teneste der ein tilpassar servicen ut frå lokale tilhøve. Blant anna vert det etterkvart innført tilbod om tinging av time på førehand via nettsidene våre for alle pass- og ID-kontora i landet.

Du kan tinge time før du kjem i Kristiansund, Molde og Ålesund. Tilsvarande løysing er på veg til alle kontora i landet som gir tilbod om ID-kort og passteneste.

Finn ditt passkontor

Din posisjon
  1. Din posisjon
1 Resultatene er klare. Bruk piltastene eller sveip for å gå opp og ned.

Framtida

Pass- og ID-kontor i framtida er noko anna enn dei passkontora vi kjenner i dag.