Politiet har fått ei rekkje spørsmål om hendingsforløpet og innsatsen under uvêret i Jølster tysdag 31. juli. Her er tidslinja over hendingane basert på politiets eigen logg.

 

Tysdag 30.07.2019:

 

  • 1626: Fyrste melding om ras over E39 kjem til politiets naudtelefon. Det var opplyst at det ikkje var gått med hus, menneske eller bilar, men at vegen var stengt av raset.

  • 1630: Innsatsleiar med kollega i Sunnfjord vart tilordna oppdraget på første ras. Dei var opptatt med eit anna prioritert oppdrag og første melding om raset var ikkje så alvorlig og krevjande å handtere for politiet.

  • 1642: Ein ny politipatrulje vart tilordna oppdraget og rykte ut.

  • 1657: Første patrulje er framme og byrja å arbeide på staden. Kort tid etter vart E39 stengt både ved Svidalsneset i nord og Mo i sør. Det var difor ikkje lenger mogleg å få patruljar inn i området. Fv451 vart også stengt frå Vassenden til Skei grunnar tryggleik og for ikkje å få folk og køyretøy inn i rasområdet frå nord. Rasområdet var då eitt område, delt av fleire stengde område langs E39, på ein distanse på nær tre mil.

  • 1707: Ein patrulje blir sendt frå Sogn. Desse arbeida frå Skei med vegstenging, dirigere trafikk, klargjering for evakuering og vere i beredskap om det kom fleire ras i utkanten av det rasstengte området eller andre stader.

  • 1708: Innsatsleiar og makker arbeida frå Sunde ved E39, men flytta seg seinare til Førde lensmannskontor for å arbeide saman med andre politifolk med å leie oppdraget på taktisk nivå og for å ajourføre lister over sakna og evakuerte.

  • 1728: Politiet får melding om jordras ved Slottsporttunnelen i Modalen. Her vart det evakuert totalt sju personar og det var mykje nedbør og lyn. Helikopter kunne ikkje fly i området og det gjorde evakueringa meir krevjande. Ein politipatrulje vart stengt inne i ras i denne aksjonen.

  • Frem til kl.1746 fekk politiet melding om totalt seks ras over E39 i området Mo til Svidalsneset. Det vart ikkje meldt om at hus var tatt, eller at bilar var tatt. Det var heller ikkje meldt om skade på personer. Det var meldt om at køyretøy var sperra inne av ras og vatn. Både telenett og straum falt bort og det var dermed ikkje mogleg for folk som var sperra inne å få kontakt med politiet eller andre.

  • 1752: Ein patrulje blir sendt frå Gloppen. Desse arbeida frå Skei med vegstenging, dirigere trafikk, klargjering for evakuering og vere i beredskap om det kom fleire ras i utkanten av det rasstengte området eller andre stader.

  • 1802: Ein patrulje kjem på staden i Sunde, men hadde få oppgåver då vegen var stengt.

  • 1819: Politiet får melding om at ei bru var tatt av vassmengder i Hyen grunna sterk nedbør. Her var fleire dalføre med bustader avstengt, men det var ikkje behov for politiet. Det regna kraftig i området.

  • 2045: Politiet får melding om eit ras over Fv451 på sørsida av Jølstravatnet like ved Marteslåttene. Det vart meldt frå ulike vitnar at minst ein bil skal ha blitt tatt av raset.

  • 2053: Dei to patruljane på Skei vart sendt til Fv451 for å arbeide med raset her. Fleire redningsressursar vart sendt frem mot staden, mellom anna luftambulanse, redningshelikopter og dykkarar.

  • 2252: Søk med redningshelikopter over området der raset er gått avsluttast og helikopteret har returnert til Florø grunna dårlieg flyvêr i området. Fire båtar frå Røde Kors gjer overflatesøk i området. I samråd med geolog på staden vurderer innsatsleiar faren for nye ras som så stor at ein ikkje kan sende mannskaper inn i området på land.

 

Onsdag 31.07.2019:

 

  • 1100: Politipatruljen i Vassenden vart erstatta av to nye politibetjentar. Den øvrige bemanninga vart tilpassa arbeidsoppgåvene.

 

Torsdag 01.908.2019:

 

  • 1800: E39 blir åpna for trafikk og helikopter frå Forsvaret returnerte til sin base.