Timebestilling - illustrasjonsfoto
Timebestilling for pass. Slik vert det enklare for deg å få oversikt over tilgjengelege timar, om du skal fornye eller søke om nytt pass
FotoPolitiet.

I vårt politidistrikt kan du i dag få passtenesta frå åtte ulike lokasjonar:

  1. Kristiansund politistasjon
  2. Molde politistasjon
  3. Sunndal lensmannskontor
  4. Surnadal lensmannskontor
  5. Sykkylven lensmannskontor
  6. Ulstein og Hareid lensmannskontor
  7. Volda og Ørsta lensmannskontor
  8. Ålesund politistasjon

No kan du tinge timen du vil ha på nettsidene til Møre og Romsdal på eit av desse kontora. Du møter der det passar deg best, når det passar deg best.

Å møte utan time går ikkje etter 25. november 2019 i vårt politidistrikt. I staden vil du som tingar time og som har reisetid vere sikker på å få ordna med pass når du fyrst tek turen, utan å verte sittande i kø over lang tid.

Den dagen du har time møter du opp nokre minutt før oppsett tid, og du vil som oftast vere ferdig i løpet av kort tid.

Timar til bestilling er lagt ut frå og med 25. november 2019.

Passteneste i Møre og Romsdal

Desse har passtenesta i området der du bor (skriv inn stadnamn)

Din posisjon
  1. Din posisjon
1 Resultatene er klare. Bruk piltastene eller sveip for å gå opp og ned.