Leder av seksjon for Narkotikaanalyse, Kari F. Solvik.
Leder av seksjon for Narkotikaanalyse, Kari F. Solvik.
FotoKripos

Etter ein viss auke i saker første halvår 2019 var det igjen ein nedgang andre halvåret. Året sett under eitt fekk Kripos tilsendt 3,9 % færre narkotikasaker i 2019 samanlikna med året før.

Dei viktigaste utviklingstrekka:

  • Hasj blir stadig oftare beslaglagd og har høgare styrkegrad
  • Oftare beslag av store mengder kokain
  • Store mengder av det opioidhaldige legemiddelet tramadol
  • Nedgangen i beslag av NPS (nye psykoaktive stoff) held fram

Stadig auke i beslag av hasj, kokain og MDMA

- Hasj, kokain og MDMA har utgjort ein stadig større del av beslaga dei siste åra. Felles for alle desse stoffa er også at dei har vorte vesentleg sterkare og meir potente enn før, seier Kari Frey Solvik, leiar ved seksjon for narkotikaanalyse på Kripos. 

Det er beslaglagt om lag 129 kg kokain, fordelt på 1 508 beslag. Mens talet på narkotikasaker totalt har vore fallande, har talet på kokainbeslag hatt ein sterkt aukande tendens og står no for 5 % av alle narkotikabeslaga. Frå 2018 til 2019 er auken på om lag 14 %. Mengdene er òg store sett i eit tiårsperspektiv.

Talet på beslag av opioidhaldige legemiddel aukar.

I 2019 er det beslaglagt store mengder tramadol. Tramadol er eit smertestillande opioid som er vanedannande og har misbrukspotensial. I Noreg er det klassifisert som reseptpliktig legemiddel, men fleire land, deriblant Sverige, har klassifisert tramadol som narkotika. Bruken av sterke smertestillande middel som oksykodon og tramadol har auka vesentleg i Noreg dei siste åra, og fleire døyr no av andre opioid enn av heroin. Tramadol er knytt til ei rekke dødsfall i Europa.

- Auken i opioidhaldige legemidler gjev grunn til bekymring. Truleg er den illegale marknaden for reseptbelagte medikament større enn ein har sett tidlegare, seier Solvik.

Narkotika- og dopingstatistikk for 2019