Politimeisteren i Vest politidistrikt tilrådde nyleg POD at Os lensmannskontor endrar namn til Bjørnafjorden lensmannskontor.

Vest politidistrikt grunngjer tilrådinga med at Bjørnafjorden lensmannskontor er eit namn som er innarbeidd i området, og at det er viktig å tydeleg visa kva tenestestad som har ansvaret i det lokale området.

Politidirektoratet følgjer Vest politidistrikts tilråding og avgjer at Os lensmannskontor endrar namn til Bjørnafjorden lensmannskontor.

Avgjerdsla trer i kraft straks.