Vest politidistrikt legg i dag fram resultat for delar av verksemda i 2020. Heile rapporten ligg ved nederst i artikkelen.

Totalt vart 27 117 lovbrot meldt til politiet i Vest, noko som er 3459 færre saker enn i 2019.  Sjølv om den registrerte kriminaliteten går ned, veit vi at det er ei rekke kriminalitetsformer som ikkje blir meldt til politiet.

Samanheng med korona

Politiet ser utviklinga i kriminalitetsbiletet i samanheng mellom anna med koronapandemien. Nedstenginga av samfunnet er truleg noko av årsaka til nedgangen.

Reduksjonen i meldte vinningssaker er ei av hovudgrunnane til at den registrerte kriminaliteten går ned. Talet på vinningssaker er redusert dei siste åra, men utgjer framleis den klart største delen av meldte saker. Tjuverier frå personar i det offentlege rom har i fleire år vært omtala som eit av dei største problemområda innanfor vinningslovbrota. For 2020 blei det registrert 268 saker som omhandla tjuveri frå personar i det offentlege rom, ein nedgang på 31 prosent frå 2019.

For fleire av dei mest alvorlege kriminalitetstypane har politiet ikkje sett ein tilsvarande nedgang, og i nokre tilfelle har vi sett ei auke. Mellom anna har vi sett ei auke på 14 prosent i valdtektssaker med 174 valdtektssaker i 2020 mot 152 saker i 2019. Talet inkluderer forsøk på valdtekt. Dei siste fem åra er det berre registrert fleire saker i 2017.

I 2020 har bruken av digitale verktøy og arbeidsflater for alle aldersgrupper gjort oss meir sårbare for kriminalitet i det digitale rom, som aukar i omfang. Her blir alle råka, uavhengig av alder, ressursar eller geografi. Kriminalitet på nett blir i mindre grad meldt til politiet og går igjen i nær alle dei omhandla kriminalitetstypane.

Politiet har vore uroa for kva konsekvensar redusert skule- og fritidstilbod kunne ha for born og unge i sårbare situasjonar. Årstala for 2020 syner ei svak auke i talet på seksuelle overgrep mot barn medan talet på vald i nære relasjonar er om lag likt som i 2019. Politiet har stor fokus på desse kriminalitetstypane og vi trur mange av desse sakene fortsatt ikkje blir meldt.

Det ble registrert 5 drap og 4 drapsforsøk i politidistriktet i 2020. Alle dei sikta er menn. Av ofra var det 4 kvinner og ein mann.

Auke i psykiatri og redningsoppdrag

Vest politidistrikt sin operasjonssentral tok imot 77 523 telefonar til 112 i 2020. Det er ein  svak nedgang frå 2019 då det var 78 218 telefonar. Av desse fekk 97,9 prosent svar innan 20 sekunder, noko som er godt over kravet til svartid (aksesstid). Responstidtala for 2020 blir først offentleggjort i mars.

I 2020 rykka politiet ut på 3332 oppdrag relatert til psykiatri. I perioden 2016-2020 har det vore ei auke på 92 prosent i denne typen oppdrag. Vi er uroa over utviklinga og har hatt stor fokus på temaet siste halvår.

Vest politidistrikt registrerte 502 redningsoppdrag i 2020, 138 fleire enn i 2019. I 2020 har det vore få utanlandske turistar i Noreg. Nordmenn som med liten erfaring frå naturen har utløyst mange av redningsoppdraga. Vi ser ein topp i talet på redningsoppdrag i juli månad med heile 45 registrerte oppdrag. Det er og grunn til å nemna at det også innan redningsoppdraga er ei kraftig auke der oppdraget gjeld person som treng naudsynt psykiatrisk behandling.

Det var i 2020 ei kraftig auke i den generelle aktiviteten på sjø og 820 båtførarar vart kontrollert av politibåten i løpet av året. Dette er ein auke på 177 frå 2019. Det vart oppretta 28 meldingar, av dei 19 for køyring i ruspåverka tilstand. Det vart utskreve 52 forenkla førelegg. Det er også registrert ein aukande trend med regelbrot knytt til bruk av vannscooter.

Rekordlåge restansar

Talet på påtaleavgjorde lovbrot i 2020 er 28 399, noko som er ein nedgang på 2 481 saker samanlikna med året før. Noko kan nok forklarast med koronapandemien som truleg har gitt færre meldingar til politiet, og at politiet har måtte tilpassa seg nye måtar å jobba på.

Vest politidistrikt har samstundes jobba ned talet på ikkje påtaleavgjorte saker som er eldre enn tre månader (restansar) med 29 prosent til rekordlåge 2706 saker.

Gjennomsnittleg tok det 111 dagar å sakshandsame dei oppklara lovbrota i 2020, noko som er 9 dagar meir enn i 2019.

Færre pass

Strenge reiseråd i koronaåret 2020 har gitt store utslag i etterspurnaden etter pass. Totalt 61 574 pass vart utstedt i fjor mot heile 81 552 i 2019.

Innføringa av nye pass i oktober og nye nasjonale ID-kort i november gjer politiet betre moglegheiter til sikker utsteding av ID-dokumenter. I årets siste månad blei det utstedt 1 574 nasjonale id-kort i Vest politidistrikt. 

For spørsmål til årstala eller for å få tilsendt rapporten i Excel, kontakt stab for kommunikasjon på telefon 488 98 811 eller e-post kommunikasjon.vest@politiet.no

Vedlegg:

Vest politidistrikt Årsrapport 2020.pdf