DFØ trekker fram styrka fagkompetanse,  meir trening og betre kvalitet på mange av oppgåvene til politiet. Publikum får gjennomgåande betre tenester når det skjer noko alvorleg og samarbeidet med dei andre naudetatane fungerer godt.

Reforma treng meir tid

DFØ peikar på at det vil ta tid før effekten av alle tiltaka som er sett i verk vil vise seg. Det har ikkje vore nok ressursar til å både etablere sterkare fagmiljø og eit politi med meir lokalt nærvær. Spesielt små kommunar som mista lensmannskontoret sitt meiner at nærværet til politiet er svekka etter reforma. Dei opplever ikkje at dei nære tenestene har blitt betre, sjølv om samarbeidet mellom politi og kommunane har blitt meir strukturert.

-Evalueringa frå DFØ er eit viktig bidrag i arbeidet med utviklinga av politiet. Det er avgjerande at vi evner å justere kurs etter kvart som vi haustar erfaringar. Reforma tek oss i rett retning og mykje har blitt betre. Politiet har fått sterkare fagmiljø, vi har løfta oss innan beredskapen og har blitt meir spesialiserte. For å auke det  lokale nærværet i distrikta vil vidare vekst primært skje i dei geografiske driftseiningane i politidistriktet. Dette arbeidet vil halde fram utover i 2021 og 2022, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Rapporten slår fast at dersom politiet skal lukkast med å oppnå måla, må måla bli meir konkrete slik at det blir tydelegare kva innbyggarane kan vente seg.

Anbefalingar frå DFØ:

  • Vidare utvikling av kommune-politisamarbeidet må skje i tett dialog med den enkelte kommune

For at samarbeidet skal fungere etter formålet er det også ein føresetnad at kommunen set av ressursar og følger opp sitt ansvar og sine plikter

  • Vurdering av korleis politiet kan bli meir synleg lokalt

Dersom ein skal nå målet om betre lokalt nærvær og synlegheit, bør mellom anna patruljestrukturen vurderast.

  • Betring av kontakta mellom publikum og politi

DFØ peikar på at politiet må avklare korleis kontakta skal vere mellom kommunale etatar og politiet og korleis opningstidene på sentralbordet bør vere. For å få full effekt av nærvær i sosiale medium må politiet ha tovegskommunikasjon, dedikerte ressursar, lenger opningstider og  få på plass system for sikker deling av informasjon.

  • Utvikling og bruk av digitale løysingar, arbeidsprosessar og tenester må få fart

Digitalisering er avgjerande for å frigjere ressursar slik at politiet kan dekke behov som ikkje let seg løyse digitalt..

  • Politidistrikta må samarbeide meir på tvers av distriktsgrensene

Små distrikt må kunne dele på og samarbeide meir om spesialfunksjonar og spesialkompetanse - eventuelt at ein spesialfunksjon leggast til eit særorgan, slik politiet har gjort med  Nasjonalt cyberkrimsenter (NC3).

  • Styringa av politiet må bli meir overordna og langsiktig

Avklare om det er ei føremålstenleg fordeling av ansvar og oppgåver mellom POD, politidistrikta og særorgana. Direktoratrolla til POD bør klargjerast.

Du kan lese meir og laste ned rapporten på nettsidene til DFØ.