Natt til 7. august brann ei bustadblokk i Arna. Politiet ønskjer å komme i kontakt med personar som observerte brannen i ein tidleg fase, og då spesielt personar som har observasjonar av brannen før naudetatane kom til staden.

Observasjonar, foto og video av brannen kan formidlast til politiet via https://tips.politiet.no/vest eventuelt på telefonnummer 47696060 (kvardager mellom kl. 08-15).