Den mest intensive skreddagen til no i Møre og Romdal vart onsdag 6. april. Då registrerte politiet 11 skred på få timar og i tillegg veit politiet om fleire skredhendingar enn dei registrerte, utløyst av skiløparar. Dette var ein dag det var varsla høg skredfare og alle skreda var i svært bratt terreng.

Fyrste varselet denne skredonsdagen kom rett før klokka 10.00 ved Harstadfjellet i Gjemnes. Der etter var det skred varsla ved Slogen i Hjørundfjorden klokka 11.00. På ettermiddagen like etter klokka 12.00 kom varsel om skred ved  Nivane i Ørsta og frå Fingeren på Standalseidet. Frå klokka 15.00 rundt 17.00 fekk politiet sju nye varsel til om skred. Fyrst ved Steinberget i Tresfjord, Hestebotnen i Isfjorden, Slogen i Hjørundfjorden, Grøtdalstinden i Bondalen, Kjøvskartinden også i Isfjorden, Risenosa ved Viddal i Hjørundfjorden og til slutt ved Kvitnykja i Tresfjord.

Ein omkomen

Varselet om skredet ved Grøtdalstinden i Bondalen i Ørsta kom klokka 16:14 onsdag 6. april. Her hadde fire menn nådd toppen av tinden. Den fyrste som starta på nedturen vart teken av skred. Den skredtekne vart greven fram av turfølgjet sitt. Mannen (30) vart frakta ut med helikopter il Ålesund sjukehus og då var situasjonen kritisk. Frå St. Olavs hospital har politiet fått opplyst at mannen døde seinare som følgje av skadane han fekk. Han var svensk statsborgar. Pårørande er varsla.

Oppmodar om varsemd

Heldigvis vart det ingen alvorlege hendingar i påska, men vi veit at det var snøskred. Fleire skiløparar på topptur var tett på at det har gjekk gale. Alle dei gongane det går bra får du ikkje tilbakemelding. Det er avgjerslene inne i terrenget og tilfeldigheiter som til saman gir deg eit godt eller dårleg utfall.

Fjella ligg der i ro – men det gjer ikkje alltid snøen. Politiet har sett at typiske toppturmål i mindre grad har vore oppsøkte siste tida,  men av registreringane vår til no ser vi at det har vorte utløyst skred i same fjellområda fleire gonger. 

No går vi vidare inn i vårskisesongen med skredproblematikken i brytninga mellom vinter og vår. Politiet vurderer ikkje sjølv skredfare i terreng, men følger med på snøskredvarsla som vert publisert på Varsom.no.

Varselet for helga viser at det enno er skredfare med mildvêret vi har i regionen, varme og snøsmelting. Framover er det ingen grunn for dei som skal på topptur å senke kvaliteten på vurderingane ein tek før og undervegs.

Hjelp oss med å sende ressursane dit dei trengst!

Vi som er i skredredninga gjennomfører alltid våre risikovurderingar før vi sender nokon inn i skredterreng. Eit varsel inn til 112. eller 113 om det som har hendt skal ikkje koste noko med omsyn til ressursane som eventuelt vert sendt ut. Varsle om du løyser ut skred! Både om du treng hjelp og om det gjekk bra. Med di hjelp kan naudetatane sende ressursane dit dei trengst mest.