Farstad  har før han vart visepolitimeister i 2017 mellom anna vore stasjonssjef og stabssjef i tidlegare Sunnmøre politidistrikt, samt fungerande leiar for Sunnmøre.

–Eg er stolt og audmjuk av å få eit nytt åremål, og eg ser fram til å kunne halde fram arbeidet med å  leie og utvikle Møre og Romsdal politidistrikt saman med mange flinke kollegaer. Tida vi er inne i stiller store krav til oss på mange områder.  Digitalisering og effektivisering må gå hand i hand med god beredskap og høg kvalitet i sakshandsaminga, seier Farstad etter utnemninga.

–Vi er alle glade for at Ingmar held fram som visepolitimeister og tek fatt på ein ny periode.
Ingmar er ein leiar med solid leiarutdanning og leiarerfaring. Han kjenner politiets oppgåver godt og han vil vere ein ressurs i den vidare utviklinga av politidistriktet. Saman skal vi fortsette å levere best moglege tenester for publikum, seier politimeister Ingar Bøen.