Høg tillit til politiet i Møre og Romsdal
- Folk i Møre og Romsdal har høgre tillit til politiet enn nordmenn flest, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Den årlege innbyggarundersøkinga til politiet er no klar og her går det fram at 73 prosent av dei spurde i Møre og Romsdal har svært høg eller ganske høg tillit til politiet. Det er eitt prosentpoeng høgare enn gjennomsnittet for heile landet.
- Politiet har i fleire år gjennomført ei innbyggarundersøking. Den kartlegg meiningar om og haldningar til etaten og den jobben som vert gjort. I motsetning til ein del andre samfunnsaktørar offentleggjer politiet heile talmaterialet – inkludert resultata heilt ned på regionnivå, held politimeisteren fram.
Endra metodikk ved innhenting
Metodikken som vert nytta i undersøkinga denne gongen er noko endra i forhold til tidlegare år, derfor vert det åtvara mot å gjere direkte samanlikningar med tidlegare års undersøkingar.
Tidlegare vart informasjonen frå publikum innhenta gjennom telefonintervju, medan ein denne gongen har gjennomført digital innhenting av data. Dette førte til at spørsmåla måtte formulerast på ein litt annan måte enn før. Men samstundes er no datagrunnlaget mykje betre: heile 27 619 svarte, av desse var 1 825 i Møre og Romsdal. I fjor var det 7998 respondentar i den nasjonale undersøkinga og 600 av dei var i Møre og Romsdal. Datainnsamlinga er gjennomført i tida 23. november 2022 til 2. januar 2023.
- Tilliten til politiet i Norge er svært høg, men den har gått ned. I Møre og Romsdal er det 10 prosent av dei spurde som seier at dei har lågare tillit til politiet no enn for eitt år sidan, medan sju prosent seier at dei har høgre tillit. Dette gir ein nedgang på tre prosentpoeng og ingen politidistrikt har mindre nedgang, seier Bøen.
Her er nokre av dei vanlegaste grunngjevingane for at tilliten vert redusert: (ikkje spesielt knytt til Møre og Romsdal)
- Ei oppfatning omkring politiets involvering i rusmiddelpolitikken og rusreformdesbatten (NNPF).
- Fleire nylege rettskandalar/justismord der politiets etterforskning blir kritisert.
- Den generelle bevæpninga av politiet og fleire skothendingar, bruk av våpen.
- Oppfatning av negative/uønska haldningar blant tilsette i politiet, internsaker, varslingar, seksuell trakassering mm
- Oppfatningar rundt konsekvensane av nærpolitireforma
Utgangspunkt for vidareutvikling
Sidan det vert åtvara mot å samanlikna tala i årets undersøking med tidlegare års materiale direkte, vil politiet brukte dagens materiale som ei null-punktstatus.
- Vi er audmjuke for det som no vert presentert. Vi ynskier å bruke dette som eit utgangspunkt for vidareutvikling med siktemål forbetring. Når vi har fått studert undersøkinga skikkeleg, skal vi finne ut kvar "skoen trykker". Vi er utforskande, lydhøyre og lærevillige, seier politimeisteren.
Tryggleik er svært viktig
For mange er tryggleik svært viktig og 92 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal seier at dei kjenner seg svært trygge eller ganske trygge i nærmiljøet sitt. Ikkje i noko andre politidistrikt rapporterer innbyggarane om ei så høg kjensle av tryggleik.
- Det er utruleg gledeleg at kjensla av tryggleik er så høg i Møre og Romsdal. Men det er heilt klart - som innbyggarane peikar på i undersøkinga – dette er ikkje politiets forteneste åleine. Tryggeleikskjensla er eit resultat av innsats frå ei rekke offentlege og private aktørar. Men ikkje mindre viktig for det. Det seier nok også ganske mykje om folket i Møre og Romsdal – lite kriminalitet som det også er her i distriktet, seier politimeister Ingar Bøen.
Bøen ynskjer å rette ei takk til dei innbyggarane som har vore med på undersøkinga.
- Utan at dei hadde teke seg tid til å svare på spørsmåla, ville det ikkje ha vorte noko innbyggarundersøking og vi ville heller ikkje ha fått vite korleis folk ser på den jobben vi gjer, seier politimeisteren.
Les meir om innbyggarundersøkinga her.