Møt politiet i Sande
Første onsdagen i kvar månad har politiet fast trefftid ved rådhuset i Sande kommune. Her kan du møte utan at du treng å gjere avtale på førehand.

- Dette er ikkje eit nytt tiltak, men vi har lyst til å minne innbyggjarane våre om det, slik at flest mogleg er klare over at vi er her. Dessutan kan det vere greitt å vite at den faste trefftida kvar månad, opprettheld vi også gjennom heile sommaren, fortel politistasjonssjef i Herøy, Sande og Vanylven, Janne Garnes Nilsen.
Trefftida er frå kl. 10.00 - 14.00, og neste gong politiet er der, vert allereie onsdag 5. juli.
Om du ønskjer å gjere avtale på førehand før du kjem, kan du det, men det er ikkje nødvendig. I dei tilfelle der politiet kan ha nytte av å førebu og innhente nødvendig dokumentasjon i forkant av møtet, vil det sjølvsagt vere nyttig at du varslar på førehand at du kjem.
- På grunn av reiseveg, veit vi at det kan vere utfordrandre for nokre å fare til politistasjonen i Fosnavåg dersom du ønskjer å treffe oss for ein samtale fysisk. Derfor er det fint å vere til stades på Larsnes, seier Janne Garnes Nilsen som ønskjer velkomen innom.
Dei neste datoane vert etter 5. juli:
- 2. august
- 6. september
- 4. oktober
- 1. november
- 6. desember
Dersom du treng å finne informasjon om opningstider for din nærmaste politistasjon, så finn du det på politiet.no.