Arbeidet har bestått i å følgje opp alle kommunar og sende tidlegare meldingar på nytt, no som brev.

Vi har og kartlagt kor mange meldingar til kommunane som ikkje har blitt opna. Eit dedikert team har jobba gjennom helgen og denne veka for å få oversikt. Vi har i samarbeid med politiets IT-teneste fått henta ut eigne lister.

I dei sakene der melding har blitt liggjande uopna har vi gått gjennom all dokumentasjon for å sjå om det har vært anna dialog med barnevernet. I fleire saker har vi dokumentert anna skriftleg eller munnleg kontakt og dialog om innhaldet i meldingane. Der dette ikkje fantes, har politiadvokatar og etterforskarar blitt spurt om dei har hatt dialog utan å loggføre det.

Det skjer framleis arbeid med å kvalitetssikre tall og grunnlagsmateriale for heile politiet. Med andre ord er tala ikkje endeleg og det kan komme endringar.

  • Totalt har Vest politidistrikt sendt 219 meldingar via Altinn som ikkje er blitt opna.
  • Av disse er 119 meldingar om barnevernssaker til offentlege instansar. Dei resterande meldingane omhandlar andre forhold i straffesak, som f.eks. forureining eller liknande.
  • I dei fleste sakene har barnevernet kjent til saka frå før, eller har vært varsla på anna måte. Likevel viser gjennomgangen at det for 12 meldingar ikkje er spor av anna varsling til barnevernet.
  • 6 av de ukjente meldingane er til Bergen kommune og 6 meldingar er til barnevernstenestene i andre kommunar.
  • Dei tolv meldingane gjeld underretning om foreldre som har vært involvert i straffbare forhold – sokalla foreldrevarslar. Ingen av dei handlar om barn som er utsett for alvorlege hendingar.

Ingen av dei tolv meldingane handlar om barn som er utsett for alvorlege hendingar

5 av sakene gjelder narkotikalovbrot, der domfelte har eit barn som bor på ei anna adresse.
2 av sakene gjelder kroppskrenkelse eller truslar mot anna voksen på utestad ol. der utøver har barn, men disse ikkje har vært til stede.
2 av sakene gjelder ruskøyring der sjåføren bor med barn, men barnet ikkje var med i bilen under køyringa.
1 sak gjelder vald i nære relasjonar, der fornærmede har barn som bor på ei anna adresse og ikkje var til stede.
1 sak gjelder truslar der trusselutøver bor samen med eit barn. Barnet var ikkje til stede.
1 sak gjelder kroppskrenkelse der minst eit barn har sett eller høyrt vald og krangel mellom to vaksne. Tre barn var til stede på adressa når dette skjer. Det eldste barnet (14) melder frå til politiet. De to andre barna sov. Denne saka er handtert av Bergen kommune. Mor i saken har også eit barn som bor i Oslo. Det er derfor sendt melding også til Oslo kommune, men denne er ikkje registrert opna der.

Politimeister Kaare Songstad kommenter kartlegginga slik:

- Ingen av de 12 sakene handlar om barn som er utsett for alvorlege hendingar. Dette er viktig for meg å framheve. For det er gitt et inntrykk de siste dagane om at politiet har gloppe på alvorlege saker til barnevernet. Vi har inntil nå ikkje vært sikker på om så var tilfelle. Vi har likevel vært rimeleg trygge på at disse sakene ikkje ville være av alvorleg eller akutt karakter. Dette fordi vi i disse sakene alltid varslar og samarbeider med lokalt barnevern umiddelbart. Sakene kviler ikkje på kva for saksbehandlingssystem vi bruker eller om ei melding blir sendt via post eller Altinn. I dei akutte sakene kommer dokumentasjonen og de formelle breva i etterkant.

- Vest politidistrikt har utstrekt samarbeid med barnevernstenestene i våre kommunar. Vi er stolt av og svært nøgd med det det vi får til saman. Mine folk fortel meg om tett kontakt i det daglege, mange kontaktpunkt og samarbeidsarenaer, både på leiarnivå og i enkeltsaker. Det alltid være forbetringspotensial, ting vi kan gjere betre, både i samarbeidet og i enkeltsaker. Men i det store og hele fungerer dette godt.

Oppdatering 26. juli 2023

Tala som ble lagt fram 13. juli var basert på den første gjennomgangen i Vest politidistrikt. I etterkant av offentleggjeringa har vi gjort ytterlegare undersøkingar.

Det har ført til at vi nå har meir kunnskap om kvar enkelt sak og kan konkludere med at det i Vest politidistrikt er 14 bekymringsmeldingar til barnevernet som ikkje er opna. Desse meldingane omhandlar til saman 25 barn. Ingen av desse barna er ukjent for barnevernet.

  • Altinn-saken