Janne Woie vert ny politistasjonssjef i Molde
Ho tek over stillinga 1. oktober 2023 etter Per Karstein Røv, som går av med pensjon.

Opphavleg er Janne jurist og starta karrieren hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, kor ho etter kvart vart assisterande direktør for justis- og beredskapsområdet. Deretter gjekk vegen til politiet ved påtalemyndigheita eining Romsdal i 2017, som politifullmektig og politiadvokat. Sidan 2021 har ho leia seksjon for etterretning, forebyggande og etterforsking ved Molde politistasjon.
Ho sett pris på erfaringa ho har bygd seg opp både i og utanfor politiet, når ho no skal tre inn i stillinga som stasjonssjef.
- Samfunnsoppdraget vårt, som handlar om å skape tryggheit, ro og orden, løyser vi ikkje aleine. Det krev at vi samarbeider godt på tvers av einingar, ansvarsområde og samfunnsaktørar. Vi må spele kvarandre gode, både i og utanfor politistasjonen, seier Janne.
Janne Woie har gjort seg opp mange tankar om ansvaret som kjem med nye stillinga, og er tydeleg på kva ho brenn for.
- Min viktigaste jobb som stasjonssjef vert å skape ein attraktiv arbeidsplass. Molde politistasjon skal vere ein spennande og utviklande arbeidsplass for dei som skal skape dei gode tenestene for innbyggarane, og løyse samfunnsansvaret lokalt her, fortel ho.
Janne Woie rettar også ein stor takk til sin forgjengar Per Karstein Røv, som ho har lært mykje av.
- Per Karstein Røv har hatt stillinga som stasjonssjef i over 20 år, og det er klart det vert store sko å fylle. No skal eg skal bygge vidare på det fantastiske arbeidet han har gjort med å skape ein god samarbeidskultur på stasjonen. Dette er eit ansvar eg tek med stort alvor og audmjukheit, seier den nye politistasjonssjefen ved Molde politistasjon, Janne Woie.