Politiet til stades med lågterskeltilbod på Averøy
Frå 1. september er politiet til stades på Averøy kommunehus ein dag i veka. Her vil ei politikontakt vere tilgjengeleg for bistand i saker, gi rettleiing og råd. Føremålet er å skape nærleik til lokalbefolkninga, både gjennom kortare reiseveg og ved å senke terskelen for å ta kontakt.

Politiførstebetjent Vidar Smeby, som er politikontakt i Averøy kommune, ser allereie at aktiviteten har stege sidan oppstarten i september, og at folk har nytta tilbodet i eit breitt spekter av saker.
– Her skal alle bli høyrt av nokon som tek seg tid til å lytte. Det kan vere alt frå rådgiving i svindelsaker til søknad om køyresetel. Det er sjølvsagt ikkje alt vi kan løyse her på kontoret, men då får ein hjelp vidare. Føremålet er at dette skal vere eit lågterskeltilbod, fortel politiførstebetjent Smeby.
Vidare fortel han at lokalbefolkninga har vore svært positive til tiltaket.
– Tilbakemeldinga frå folk er at det skapar tryggleik og har ein forebyggande verknad at politiet er synlege i lokalsamfunnet. Det har også ei synergieffekt at vi er tett på skulane, NAV, heimetenestene og institusjonane innan rus og psykisk helse her på kommunehuset, seier Smeby.
Ungdomen er velkomen
Vidar Smeby uttrykker at det er spesielt ei gruppe han håpar tar steget med å kome innom.
– Eg trur det kan sitte langt inne for ungdom å ta kontakt med politiet, men vi ønsker at det skal vere ein tryggleik og ei sjølvfølge. Det treng ikkje å vere noko alvorleg, kanskje er nokon nysgjerrig på politiyrket, usikker på reglar rundt lett motorsykkel og moped, eller har spørsmål om lovlegheit knytt til ein fest eller liknande. Ungdomen er hjarteleg velkomen innom for ein prat om stort som smått. Vi håpar at lokalbefolkninga nyttar dette tilbodet, her er dørene opne, seier Smeby.
For å snakke med politiet på Averøy kan du anten ringe 457 20 607, møte opp i kontortida på fredagar mellom 09:00 og 13:00, eller sende e-post til politikontaktene i Averøy kommune:
eirik.andre.saether@politiet.no
Meir informasjon her: