Politistasjonssjef Janne Garnes Nilsen.
Politistasjonssjef Janne Garnes Nilsen.

Politistasjonssjef ved Herøy og Sande politistasjon, Janne Garnes Nilsen, reagerer på at nysgjerrige skodelystne strøymde til med mobilkamera.

- Dette er allereie ei svært tung tid for dei pårørande. Dei burde ikkje trenge å bekymre seg for om det er videoar i omløp av at deira næraste i ein så sårbar situasjon. Av omsyn til dei pårørande, oppmodar vi dei som har filma hendinga om å sletta videoen. Det handlar om medkjensle og respekt, både for personar i sorg og for den avdøde.

Dersom du får ein slik video er det fleire ting du kan gjere og absolutt ikkje bør gjere.

- Ikkje del vidare og slett videoen. Gi beskjed til den som har delt det om at det ikkje er lov å dele. Be gjerne den som har delt om å slette videoen. Rapporter gjerne delinga til den aktuelle appen. Mange nettsider og appar har rapporteringsfunksjonar, og du kan be om at bilete og videoar vert sletta, avsluttar politistasjonssjefen.