- Nettpatruljesida vår både på Facebook med 41 000 følgjarar, i tillegg til Instagram, er eit viktig kontaktpunkt for innbyggarane våre. Det skal vere låg terskel for innbyggjarane å ta kontakt med oss og for oss til å nå ut med informasjon frå politiet til dei i tillegg til nettsida vår politiet.no, seier kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Iselin Nevstad Øvrelid.

Etter at sida vart stengt ned, klaga vi til Meta som no har opna sida igjen. Vi er framleis i dialog med Meta for å undersøke kva som kan vere årsaka.

- Det viktigaste for oss no er at sida er open igjen. Det er ein prioritet at innbyggjarane har eit kontaktpunkt med oss også digitalt. Det at nettpatrulje-sida no er open igjen, bidreg godt til dette, seier Nevstad Øvrelid.

Nettpatruljen er bemanna heile døgnet av politiet. Du får som regel svar frå nettpatruljen innan eit par timar, avhengig av kapasitet. Ved naud er det viktig at du alltid ringer 112.