Gerd Lisbet Kvalsvik
Gerd Lisbet Kvalsvik

Ho gler seg til å ta fatt på oppgåvene, med etterforskingsfaget i ryggmargen og barnet sitt beste for auge.

– Det er ei tid for alt, og no forlét eg avsnittet her medan skuta flyt veldig godt. Eg ser fram til å leie ein høgkompetent gjeng ved Statens barnehus, og tilføre mi erfaring frå mange år som politileiar, fortel Gerd Lisbet Kvalsvik.

Eit tverrfagleg og tverretatleg kompetansehus

Statens barnehus er eit tverrfagleg samansett fagteam beståande av seniorrådgjevarar med ulik helse- og sosialfagleg yrkesbakgrunn. Dei har som mål å vere ein viktig og fagleg sterk institusjon til bruk for samarbeidspartnarar innan barnevern, psykisk helsevern, habiliteringstenester og andre aktørar innan feltet.

Alle involverte faginstansar samlast for at barn og sårbare vaksne skal sleppe å oppsøke mange ulike tenester og fortelje si historie gjentatte gonger.

Verksemda er todelt og omfattar eit straffesaksspor og eit oppfølgingsspor. Modellen er laga for at dei mest sårbare både skal bli ivaretatt i straffesaker og rusta for livet i etterkant.

– Det er ei stor oppgåve å gjere det trygt for eit barn å snakke om vanskelege opplevingar. Her blir dei møtt av dedikerte fagpersonar som har valt å spesialisere seg innan fagfeltet, med det beste for barnet som rettesnor i arbeidet dei gjer. Eg ser på det som svært givande å få leie eit tverrfagleg miljø, som er oppteken av å utgjere ein forskjell for dei svakaste, og bidra til at dei får eit betre liv i det lange løp, seier Kvalsvik.

Vil heve samhandling og etterforskinga

Gerd Lisbet Kvalsvik ser fram til å vidareutvikle det viktige arbeidet Barnehuset gjer, og det er fleire ting ho vil ta tak i som ny leiar.

– Eg vil jobbe med å knytte barnehuset og etterforskingsmiljøa enda tettare saman, for å auke forståinga av kva som krevjast for å etterforske saker der barn er involvert og ha høgt fokus på å ivareta rettssikkerheita, seier ho avslutningsvis.

 

Gerd Lisbet Kvalsvik har første arbeidsdag på Statens barnehus i Ålesund 1. desember 2023.