Renate Grande
Renate Grande
FotoCasper Kanestrøm / Politiet

- Eg ser fram til å komme tilbake i personalleiarsporet, og bli ein del av den dyktige gjengen som er ved Nordre Sunnmøre politistasjon. Eg skal bidra til å føre vidare det gode arbeidet som allereie blir utført der, samtidig som eg skal legge til rette for vidare utvikling slik at vi kan halde fram med å styrke kvaliteten på dei tenestene vi skal levere til publikum, eksterne aktørar og internt i eigen organisasjon, seier Grande.

Dei siste åra har Grande vore HMS-leiar for politidistriktet, men ho har hatt ein variert politibakgrunn. Ho har mellom anna vore innom både etterforsking, ordensteneste, instruktør i politioperative disiplinar og operasjonssentral. Ho var lensmann ved Ørskog lensmannskontor fram til kontoret vart samanslått med Haram lensmannskontor til dagens Nordre Sunnmøre politistasjon. Ho har også vore seksjonsleiar for vakt og beredskap i Ålesund i perioden 2016 - 2021.

- Den første tida etter oppstart ved Nordre Sunnmøre politistasjon vil eg bruke på å bli kjend med dei tilsette og etablere kontakt med andre samarbeidspartnarar. Med gode forventningsavklaringar, klare mål, samlande strategi og tett dialog vil vi saman kunne vareta og utvikle det viktige arbeidet Nordre Sunnmøre politistasjon skal utføre i samarbeid med mellom anna kommunar og næringsliv. Fokus på førebygging og tverretatleg samarbeid er avgjerande for å kunne vareta gode prosessar og for å oppnå dei måla vi set oss. Vidare er det viktig at vi lyttar til dei vi skal levere tenester til for å betre kunne treffe med rette tiltak, avsluttar Grande.

Renate Grande tiltrer i stillinga etter nærare avtale.