Frigir namn på omkomen etter fallulykke ved Svinetinden i Ørsta kommune
Det var 55 år gamle Brynhild Sande frå Molde, opphavleg frå Sola, som omkom i ulykka. Familien er informert om at politiet går ut med namn.
Omkomne var på tur til Svinetinden saman med ektemannen sin, som varsla om ulykka like etter klokka 13:00 på onsdag, 8. november. Den omkomne blei erklært død på staden av helsepersonell og frakta til Ålesund med redningshelikopter.
- Det dreier seg om ei ulykke, og det vil ikkje vere behov for obduksjon, seier politiinspektør Yngve Skovly.