Utgangspunktet for hendinga skal vere ei konflikt mellom fleire involverte personar. Det er registrert lettare personskade. Ein person blei arrestert på staden og sikta i saka. Vedkommande har sidan blitt lauslate. Det er også gitt fleire besøksforbod etter hendinga.

– Saka er no under etterforsking og politiet held fram med vitneavhøyr og andre etterforskingsskritt, seier påtalejurist Anne Lisbeth Hjelle.

 

Ber om tips

Vi er i ei fase der vi samlar informasjon for å få oversikt over hendingsforløpet. Politiet har fått opplyst at det er videoar i omløp av hendinga, og ber dei som sit på slikt materiale om å sende det inn via https://www.politiet.no/tjenester/tips-politiet/.

 

Vi minner om at ein ikkje skal dele denne type materiale vidare i sosiale medium.