Svindlarane er profesjonelle og finn stadig nye metodar for å virke truverdige i sine framgangsmåtar. Nettsvindel rammar folk i alle aldersgruppe, men det er særleg eldre som blir offer for metodar som kunne ha vore hindra gjennom auka kunnskap. Derfor går politiet no ut med ei hugseliste, som kan bidra til at folk kjenner seg tryggare når dei skal navigere i ei digital verd:

 

  • Aldri del BankID, kodar, passord eller kortinformasjon over telefon, SMS eller e-post. Ikkje ein gong om avsendar seier dei er frå banken eller politiet – ikkje med nokon.
  • Ikkje klikk på mistenkelege lenker. Det er ikkje alltid så lett å identifisere kva som er mistenkeleg, er du usikker – spør.
  • Ikkje svar på meldingar eller ring tilbake til ukjende telefonnummer.
  • Har du motteke noko du er usikker på; stopp, tenk, sjekk. Ta kontakt med banken din, eller ring eit familiemedlem.
  • Om skaden har skjedd, ta kontakt med banken med ein gong. Om det vert oppdaga i tide kan banken stoppe transaksjonen.

 

Oppmodinga frå politiet er at folk tek kontakt med dei i sin familie og omgangskrins som kan ha nytte av å bli minna på dette. Kunnskap og openheit er gode verktøy for å stoppe svindlarane.

 

Talspersonar i politidistriktet

Dei lokale politistasjonssjefane i politidistriktet kan stille til intervju for å snakke om denne tematikken. Ta kontakt med dei direkte, eller kontakt stab for kommunikasjon for å avtale:

990 94 670 (Ingen SMS)

kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no

Måndag - fredag, kl. 09.00 - 15.00.