På bakgrunn av dette er straffesaka mot kvinna som prøvde å nytte setlane lagt bort. Møre og Romsdal politidistrikt vil hjelpe kvinna med å erstatte verdien da setlane er vurdert som skadde i samsvar med Norges Bank sitt regelverk.

Innleiande etterforsking viste tendensar som tilsa at setlane var forfalska. Ytterlegare etterforsking, mellom anna analyse frå Kripos, har konkludert med at setlane er ekte.

I dette tilfellet såg vi på det som viktig å få ut informasjon raskt for å førebygge spreiing av det som kunne vore falske kontantar i ein høgsesong for handel. Denne informasjonen viste seg å vere feil, det beklagar vi.