Eva Kristin Skodje og Erik Steen Mikalsen i lokala til sentralbordet i Møre og Romsdal.
Eva Kristin Skodje jobbar til dagleg ved sentralbordet til Møre og Romsdal politidistrikt. Her saman med seksjonsleiar for operativ styring, Erik Steen Mikalsen.
FotoIselin Nevstad Øvrelid/Politiet

-  Gjennom brukarundersøkingar veit vi at innbyggarane ønskjer å ringe oss når dei skal ta kontakt med politiet. Då er det viktig at det vert opplevd som enkelt og trygt når dei tek kontakt, og at dei vert møtt av medarbeidarar med rett kompetanse på dei ulike fagområda, fortel Linn Knudsen som er innføringsansvarleg for prosjektet i politidistriktet som har fått namnet "Ved første kontakt".

Kva betyr dette for deg som innbyggar?

Det er oppretta eit eige fagmottak for straffesaksførespurnader. Fagmottaket er bemanna av medarbeidarar som har god kompetanse innan etterforsking og straffesak for å kunne svare ut førespurnadar.

Det er også innført tasteval når du ringer inn til oss.

- Dette betyr at ikkje alle telefonane vil måtte gå gjennom sentralbordet, men direkte til saksbehandlarar i telefontida. Det er viktig for oss å sikre at innbyggarane faktisk får svar på det dei lurer på når dei tek kontakt med oss og derfor har vi sett i gang prosjektet og håpar det vil kunne bidra positivt i kontakten med innbyggarane våre, avsluttar Linn Knudsen som viser til kanalstrategien til politiet, der auka tilgjengelegheit, betre service og meir effektive tenester er hovudmål.

Korleis vert telefontidene?

Telefontidene for fagmottak straffesaker vert kl. 08.30 – 15.00, måndag – fredag.

Telefontidene for namsmann vert kl. 08.30 – 15.00, måndag – torsdag.

Telefontidene for utlendingsforvaltning vert kl 08.30 – 15.00, måndag – torsdag.

Telefontidene for pass og ID vert kl 08.30 – 15.00, måndag – torsdag.

Telefontidene for førarkort, våpen og køyresetlar vert 08.30 – 11.00, måndag – torsdag.

Sentralbordet elles har som vanleg ope frå kl. 08.00 – 15.30, måndag – fredag.

Hugs at du alltid kan kome i kontakt med politiet ved å ringe 02800.

Ved nød, ring 112.

Linn Knudsen
Linn Knudsen er innføringsansvarleg for prosjektet.
FotoPolitiet