Frå venstre: Roar Fylling (operasjonsleiar), Erik Steen Mikalsen (leiar for operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt), Per Åge Ferstad (operasjonsleiar) og Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes (operasjonsleiar) framfor Politiloggen på politiet.no.
Frå venstre: Roar Fylling (operasjonsleiar), Erik Steen Mikalsen (leiar for operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt), Per Åge Ferstad (operasjonsleiar) og Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes (operasjonsleiar) framfor Politiloggen på politiet.no.
FotoPolitiet

I midten av november inngjekk NTB og politiet ein samarbeidsavtale om formidling av operativ informasjon frå Politiloggen og media. Møre og Romsdal er eit av dei første politidistrikta som tek den nye, heilskaplege løysinga i bruk. Målet er å ha tatt den i bruk i løpet av januar.

Ønskjer å gå bort frå X

Erik Steen Mikalsen som er leiar for operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, fortel at løysinga er utvikla av politiet for politiet, men bygger i stor grad på gode erfaringar frå det som vert kalla Oslopiloten.

- Politiet ønskjer å gå bort frå X (tidlegare Twitter) som primærkilde for publisering av operativ informasjon til innbyggarane. I framtida skal politiet publisere informasjon frå operasjonssentralane i eigne kanalar. No finn du den same informasjonen frå oss på politiet.no som du finn på X. I løpet av 2024 ønskjer vi å trekke oss heilt ut av X, men det skjer først når alle politidistrikta har teke i bruk løysinga, seier han.

Utrullinga i politidistrikta skjer gradvis utover første halvår av 2024.

Legg til rette for effektivitet og samhandling

Mikalsen ser no også fram til å ta i bruk pressefeltet av politiloggen som ein håpar skal bidra til enda betre samhandling og kommunikasjonsflyt mellom politidistriktet og media.

- Erfaringane frå prøveperioden viser at operatørane fekk færre samtalar i ei innleiande fase av hendinga, samstundes som om media får utvida informasjon når det trengs. Denne type informasjon har tidlegare blitt gitt til journalistar når dei har ringt til oss. Den nye løysinga vil sikre at alle får den same informasjonen på same tid.

Kven får tilgang til pressefeltet?

Tilgang til informasjon frå pressefeltet blir gitt til journalistar som jobbar i eller leverer til medium som vert styrt etter Redaktørplakaten og er underlagt Vær Varsom-plakaten.

- Sidan vi er eit av dei første politidistrikta som skal ta i bruk den heilskaplege løysinga er vi sjølvsagt litt spente på korleis det vert mottatt, men vi har stor tru på at dette skal bidra til at innbyggjarane våre skal kunne finne informasjonen lett tilgjengeleg på politiet.no og at media skal oppleve større openheit og større effektivitet i informasjonsformidlinga frå oss når det gjeld operative hendingar, avsluttar Mikalsen.