Illustrasjonsfoto av pass og ID-kort.

- Vi er godt i gang med prosessen for å fornye leigeavtalen på politistasjonen i Vestnes kommune. Når dei formelle rammene er på plass, startar vi arbeidet med å tilpasse lokala og få på plass nødvendig utstyr, personell og gi opplæring, fortel politistasjonssjef for Vestnes og Rauma, Roar Mordal Hilde.

Pass og ID-kontoret skal etablerast så snart som mogleg, og seinast innan 1. oktober. Sjølve ombygginga ved politistasjonen på Vestnes skjer i løpet av vår/sommar.

- Det er for tidleg å seie kva dato vi startar opp, men vi håpar det skal vere klart over sommaren. Uansett vert det i god margin før fastsett frist som er 1. oktober. Vi kjem til å gi meir informasjon om dette når det nærmar seg, legg Mordal Hilde til.

Inntil det nye pass- og ID-kontoret er oppretta minner vi om at det er gode moglegheiter for å ordne seg pass i Ålesund og i Molde. Passbussen kjem også til Åndalsnes i Rauma i løpet av våren. Du bestiller tid på www.politiet.no