Vest politidistrikt legg i dag fram resultatet for deler av verksemda i 2023. Heile rapporten ligg ved.

Ungdom blir tekne for butikktjuveri og vald

Årstala syner ei urovekkjande auke i ungdomskriminaliteten i politidistriktet. I 2023 var det 40 prosent fleire meldte saker med ungdom under 18 år samanlikna med året før. Auken er størst for ungdommar under 15 år. Nesten halvparten av veksten finn vi i kategorien butikktjuveri, der tala er dei høgste på ti år. Politiet er ekstra uroa for auken innan kategoriane ran, truslar, kroppskrenkingar og skadeverk blant ungdommane. Vi ser ei auke både blant gjengangarar og førstegongsutøvarar.

Målt i saksmengd/tal er veksten størst i Bergen, men målt i prosent er veksten vel så stor i andre deler av distriktet.

Felles innsats for å snu utviklinga

- Den negative utviklinga blant dei yngste er ikkje unik for Vest politidistrikt. Mine kollegaer i andre politidistrikt melder om tilsvarande auke. Vi har ingen tydelege svar på kvifor dette skjer eller kvifor auken er så stor for dei under 15 år. For dei yngste gjengangarane er politiets sine verkemidlar avgrensa, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt og etterlyser hjelp frå politisk hald.

- Vi treng også eit lovverk og verkemiddel til å handtera dei som gjer gjentatt alvorleg kriminalitet, men som i dag ikkje blir godt nok ivaretatt av nokon. Her må politikarane på banen, seier Songstad.

Ressurssituasjon i politiet er under press og den førebyggande innsatsen er, i likskap med andre område, redusert. Våre forebyggjarar gjer ein god jobb med dei midlane vi har, men politimeisteren understrekar at ansvaret ikkje kviler på politiet åleine. 

- Vi må samarbeide og koordinera oss endå betre med kommunane, frivillige og andre aktørar i samfunnet. Politiet kan bidra med innsikt og kunnskap om utviklinga sett frå vår ståstad og samarbeide om felles tiltak. Dette er framtidas vaksne og vi som samfunn må gå saman for å motvirke utviklinga, seier politimeisteren.

Nær før-pandemi tal

Tala for 2023 syner tydeleg at talet på meldte lovbrot snart er tilbake på same nivå som før pandemiåra 2020 og 2021. I 2023 blei det meldt 29 723 lovbrot, ein auke på 6,6 prosent samanlikna med året før. I pandemi-åra var det ein tydeleg nedgang i talet på lovbrot, men mykje tyder på at samfunnet er på veg tilbake til ein normalsituasjon.

I fjor var det ein auke i talet innan dei fleste kriminalitetstypar. Vinningslovbrot utgjer den største delen saker med nesten 10 500 saker i 2023 som er ein 20 prosent auke frå 2022.

Vi registrerer stadig meir økonomisk kriminalitet i Vest politidistrikt, særleg innan bedrageri som har auka med over 50 prosent dei siste tre åra. Mange av sakene gjeld bedrageri ved kjøp og sal via internett.

For fleire detaljer, sjå vedlagt rapport: Omtale av resultat Vest politidistrikt 2023.pdf

Spørsmål til årstala kan rettast stab for kommunikasjon i Vest politidistrikt på telefon 488 98 811 eller e-post kommunikasjon.vest@politiet.no