Erik Starheim Breivik er ny politikontakt for Haram kommune
Han skal bidra til at lokalsamfunnet, kommunen og politiet samarbeider godt om kriminalitetsførebyggande arbeid.
Erik starta i jobben som førebyggar ved Nordre Sunnmøre politistasjon og politikontakt for Haram kommune i februar 2024. Før det jobba han som førebyggar ved Ålesund politistasjon i eit par år, og har tidlegare vore innom krimvakta, etterforsking og vakt og beredskap.
Erik er oppteken av å bygge relasjonar og skape verknadsfulle samarbeid mellom ressursane som finst i kommunen, særleg i arbeidet med ungdom. Han vil bidra til å bygge gode førebyggarar i foreldra:
– Foreldra er primærførebyggarane og då er det er viktig at politiet gir dei verktøya dei treng for å vere tydelege vaksne og gode rettleiarar for ungdomane sine. Mange foreldre veit kanskje ikkje heilt korleis utfordringsbiletet ser ut, eller kva trendar dei må vere obs på akkurat no. Då må politiet vere ei kjelde til informasjon og råd, seier Erik.
Sidan han starta i jobben i februar har Erik allereie etablert eit godt samarbeid med SLT-koordinator i Haram kommune. No ser han fram til å vere ei synleg politikontakt i lokalsamfunnet.
– Eg synest det er viktig å kome seg ut prate med innbyggarane og motivere folk. Eg gler meg til å sette i gang gode tiltak i kommunen og utgjere ein forskjell, seier han avslutningsvis.