Nytt pass: Har du hugsa det du må ha med?
Vi går no inn i høgsesong der mange ønsker å søke om nytt pass eller nytt nasjonalt ID-kort. På nettsidene til politiet finn du ei hugseliste over det du må ha med, eller gjere, før du kan søke.
På denne sida finn du gode råd og rettleiing når du skal søke om pass eller nasjonalt ID-kort for deg sjølv eller nokon du har ansvaret for: https://www.politiet.no/tjenester/pass-og-id-kort/huskeliste-dette-ma-du-ha-med-til-pass-og-id-kontoret/
Samtykke for barn
I 2022 vart reglane endra for korleis ein gir samtykke når ein skal søke om pass eller nasjonalt ID-kort til barn. Begge føresette må no møte opp personleg på eit pass- og ID-kontor, men treng ikkje møte til same tid. Ein treng ikkje bestille time for å gi samtykke og barnet treng heller ikkje vere med. Det går an å gi samtykke for eitt pass eller ID-kort, eller gi eit varig samtykke til barnet vert 18 år. Du kan lese meir om dette her: https://www.politiet.no/tjenester/pass-og-id-kort/samtykke-for-pass-og-id-kort-til-barn-og-unge/