Politimeister Ingar Bøen blir pensjonist
Politimeister Ingar Bøen (66) gir seg ved nyttår. Han har søkt avskil i nåde frå sitt embete som politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ingar Bøen har arbeidd til saman 45 år i teneste for politi og påtalemakta.
Ingar Bøen vart først konstituert som politimeister i Sunnmøre politidistrikt i september 2014. I november 2015 vart han utnemnd i statsråd som den første politimeisteren i Møre og Romsdal politidistrikt. I 2021 vart han på nytt utnemnd, då for si andre åremålsperiode. Kvar periode er for seks år av gongen.
Tidlegare har han arbeidd både som politibetjent, politiinspektør, politiadvokat, påtaleleiar og statsadvokat.
No har han bestemt seg for å bli pensjonist. Siste formelle arbeidsdag vert 31.desember 2025.
– Dette har vore 45 rike år og eg er takksam for å ha utført tenesta mi desse åra, seier Ingar Bøen.
Såleis kan ein forvente at arbeidet med å lyse ut og vidare utnemne ny politimeister vil skje i god tid fram mot årsskiftet.