Viss du meiner at politiet har gjort feil kan du klage på politiet. Du kan også klage på etterforskinga som er gjort. I tillegg kan du melde ein tilsett.
Ein klage på politiet vil ikkje ha innverknad på om du har andre pågåande saker, som straffesak, sak hos namsmannen eller sak i forvaltinga.Slik klagar du på korleis politiet har oppført segSend skriftleg klage til politidistriktet der feilen skjedde. Forsøk å få med følgjande når du beskriv det du klagar på:
Stad og dato
Namn og fødselsnummer på den som klagar
Adresse for bustad
E-post
Telefon
Beskriv kva som skjedde, dato og stad for hendinga, namn og/eller tenestenummer på tenestepersonene, eller skildring av tenestepersonene, og øvrige opplysningar du meiner er relevante.
Politimeisteren i politidistriktet avgjer klagesaka, og sender deg eit svar. Det skal stå i svaret om politimeisteren er einig eller ikkje einig i at politiet har gjort noko feil.Det skal ikkje ta meir enn ein månad å behandle saka. Viss det tek lengre tid, skal du få beskjed om det.Hvis du ikkje er einig i politimeisteren sin avgjerd, kan du sende klagen tilbake til politidistriktet.Politidistriktet førebur klagesaka, tek stilling til eventuelle nye opplysningar og sender saka til Politidirektoratet for klagehandsaming.Her finn du
Slik melder du tilsette i politiet eller påtalemyndigheitaMeiner du at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har brote lova i tenesta, kan du melde forholdet til
. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten.Slik klagar du på etterforskinga av straffesakerMeiner du at politiet har gjort ein feil i etterforskinga av ein straffesak? Då kan du klage på det. Du kan sende ein skriftleg klage til politidistriktet som har etterforska saken. Det er overordna påtalemakt, som regel statsadvokaten, som er klageinstans i klager over etterforsking og påtaleavgjerder. Ver merksam på at i nokre av avgjerdene sett ein frist for å klage.Har du spørsmål om klage på etterforsking av straffesaker, kan du kontakte politiet der du bur.
Finn næraste politiVel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider