
Farvel til Kongen – takk for tenesta!
Norsk politi har følgt Hans Majestet Kong Harald gjennom heile livet. Det skal me også gjera når folket tek eit siste farvel med han i Oslo domkirke.
Politiet står vakt når nasjonen feirar, og når nasjonen sørgjer. Gjennom meir enn hundre år har bandet mellom Kongehuset og politiet vore bygd på teneste, lojalitet og vern av demokratiet. Når me tek farvel med Kong Harald V, tek me også farvel med ein konge som generasjonar av politifolk har hatt æra av å beskytta og møta i tenesta. Vi i politiet vil i dagane framover gjera vårt til at sørgjemarkeringar landet rundt blir gjennomført på ein trygg og verdig måte.
Politiet har følgt kongehuset sidan 1905
Då Kong Haakon VII og kongefamilien kom til Norge etter unionsoppløysinga i 1905, trong Kongehuset eskorte og vern. Politi frå Kristiania politikammer fekk ansvaret for tryggleik og eskorte ved offentlege oppdrag, mellom anna ved kroninga i Trondheim i 1906.
Gjennom meir enn tre tiår på trona har Kong Harald vore i alle politidistrikta i landet, anten under statsbesøk, fylkesbesøk, jubileum, ulykker eller kriser. Politifolk har møtt han i alt frå nasjonale sørgjehøgtider til lokale arrangement. Den kongelege politieskorte og politiet elles har følgt han gjennom tusenvis av oppdrag.
Eg har også hatt gleda av å møta Hans Majestet ved fleire høve, og eg minnest fyrst og fremst eit interessert, godt og varmt menneske. Eit menneske med glimt i auget, humor og ei heilt spesiell evne til å få folk til å føla seg vel. Han evna alltid å letta stemninga blant spente gjestar.
På vegne av heile etaten og generasjonar av politifolk som har hatt æra av å møta og beskytta vår Konge, takkar eg for tenesta.
Fred over Kong Harald Vs minne.

Håkon Skulstad
politidirektør
28. august 2026