Flislegging - arbeidslivskriminalitet
Illustrasjonsfoto, arbeidlivskriminalitet
FotoE.A.Tvergrov, politiet

- Jamnleg åtvarar vi om bruken av omreisande handverkarar. Heldigvis er det mange som høyrer på oss. Likevel reknar vi med å verte kontakta av fleire også i år som tek sjansen, seier seksjonsleiar Eivind Klokkersund ved Økoteamet i politiet på Sunnmøre.

- Vi har til dømes saker der kundane har bede om faktura og dei vart gitt lovnad på at oppgjeret skulle skje via banken. Papira såg også tilsynelatande ut til å vere i orden. Etter opprydding av eit uferdig oppdrag måtte ein kunde i eit tilfelle ut med 8.000 kroner kontant, før han fekk fred frå handverkarane. Dette var kundar som i utgangspunktet alle meinte dei hadde kontroll.

- I sakene siste åra lokalt har handverkarane gjerne kome frå Polen eller andre land i Aust-Europa. Hovudmennene som inngår "kontrakt" og krev inn pengar har ofte vore britiske statsborgarar. Dei er bakmenn som vervar personar til å utføre arbeidet. Dei som utfører arbeidet kan vere britar eller så kjem dei frå Litauen, Tsjekkia, Romania, Polen eller andre land i Aust-Europa.

- Vi har også fått inn meldingar med norske useriøse handverkarar. Dei har utført oppdrag, bede om kontant oppgjer som ikkje har sått i stil med det som er utført og har teke med kunden til minibank for å ta ut beløpet dei meiner at dei har rett på (sjå også faktaboks nederst).

Klokkersund gir ros til publikum som gir tips om useriøst arbeid. Han fortel at politiet får inn langt fleire tips enn før. Tipsa gjer det enklare å kartlegge og følge opp aktiviteten til dei som kjem hit.

Får konsekvensar for kunden

- Skatteetaten registrerer at mange av dei omreisande handverkarane har uoppgjorte skatte- og/eller avgiftskrav frå tidlegare. Vi legg stor vekt på å krevje inn uteståande beløp, enten det skjer direkte frå firmaet eller frå kundane deira, seier leiar Kjellfred Nydahl som er leiar for Bygg- og anleggssatsinga i Skatt Midt-Norge.

Når Skatteetaten blir kjent med konkrete oppdrag, åtvarar vi kundane om kva som kan bli konsekvensen om dei likevel betalar til steinleggarane:

- Når oppgjer skjer kontant, og firmaet ikkje opplyser om omsetninga til Skatteetaten, kan kunden verte medansvarleg for skatt og avgift som ikkje er betalt. Det vil seie at Skatteetaten kan krevje inn skatten og avgifta hjå kunden.

- Når kunden veit eller må vite at tenesta blir selt svart, kan kunden kome i straffeansvar og bli bøtelagt eller få fengselsstraff.

- Når Skatteetaten tar arrest eller utlegg i krav som steinleggaren har mot kunden, kan kunden berre betale kravet til Skatteetaten. Om kunden likevel skulle betale direkte til firmaet, må kravet likevel betalast til Skatteetaten i tillegg.

Skatt Midt-Norge har sidan 2015 sett av meir personell til rettleiings- og kontrollverksemd ute. No kan vi reagere raskare og mykje meir effektivt på meldingar om aktivitet som ikkje er i samsvar med regelverket, seier Nydahl.

Åtvarar mot dørsal

Arbeidstilsynet erfarer at mange omreisande verksemder som tilbyr til dømes utbetringar på privathus, maling av bygningar eller steinlegging ikkje følger norske reglar. Då kan Arbeidstilsynet fyrst gi vedtak om retting eller å få nødvendig dokumentasjon og fylgje opp med vedtak om stans overfor dei som ikkje etterkjem vedtak. Bryt dei vedtak om stans, kan dei verte politimelde for lovbrot.

- Å bryte slike vedtak om stans frå desse handverkarane si side er ikkje uvanleg. Eit firma som er stansa ein stad dukkar gjerne opp ein annan stad i landet, seier tilsynsleiar Jan Erik Rinnan i Arbeidstilsynet. At myndigheitene fylgjer opp brot på vedtak om stans er noko som får konsekvens for kundar av desse verksemdene.

Ingen garanti at dei er registrert

- Generelt er det grunn til å åtvare mot å inngå avtaler med handverkarar som sel tenestene sine ved dørsal. Forbrukarane bør i alle høve gjere ein grundig bakgrunnssjekk, seier Rinnan. - Vær merksam på at ei registrering i Brønnøysundregistera og meirverdiavgiftsregisteret ikkje er nokon garanti for at verksemda er seriøs. Ikkje under noko omstende bør det betalast kontant. Ta også firmasjekken på www.handlehvitt.no, oppfordrer Rinnan til slutt.

Betre tverretatleg samarbeid

I tråd med Riksadvokaten sine prioriteringar og Regjeringa sin strategi samarbeider politi og andre offentlege instansar om tiltak for å motarbeide arbeidsmarknadskriminalitet. Politi, Skatteetaten og Arbeidstilsynet møter kvarandre for å utveksle informasjon og vi samarbeider om tiltak.

  • Råd og forebygging
  • Tyveri og vinning