- Mannen hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse. I tillegg kan vi opplyse av han var liten av vekst og mørkhuda. Mannen vart observert springande i retning området ved torget, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet utvidar dessutan tidsromet som ein ynskjer tips om. Ein ynskjer no å kome i kontakt med personar som var i Halkjelsgata i Volda sentrum i tidsrommet frå 02.00 til 03.30 natt til søndag 3. desember.

Tips, kan ringast inn til politiet på telefon 02800 / 70118700.

- Det er viktig at dei som kan ha vitneobservasjonar eller tips til oss, kjem med desse så raskt som mogleg, seier etterforskingsleiar Hjelle.

Etterforskinga som vart sett i gang natt til søndag etter meldinga om at ei ung kvinne hadde vorte overfallen i sin eigen bopel, heldt fram med full styrke måndag.

Men førebels er ingen pågripen eller sikta i saka.