opning pass- og id-senter i Bergen

Til saman 13 skrankar vil årleg ta imot om lag 45.000 passkunder og 20.000 oppmøter knytt til utlendingssaker. Nyleg flytta utlendingskontroll sin oppmøtestad frå Bergen Sør politistasjon til Bergen Vest i Fyllingsdalen.

I sum gjør dette kontoret til eit av dei største samlokaliserte sentra i Noreg der politiet utsteder offentlege ID-dokumenter.

ID-relatert kriminalitet

Dei nye passa og nasjonale ID-kort skal kome i 2020. Norske pass som dokument har i dag høg internasjonal status og oppfyller internasjonale forpliktingar. Men det har dessverre vist seg at det er for enkelt å skaffe seg norsk pass på falskt grunnlag.

For politiet er det viktig å levere sikre tenester til innbyggjarane og redusere risikoen for at innbyggjarane og samfunnet utsettast for ID-relatert kriminalitet. For å ta vare på innbyggjaranes identitet fortsetter dette at ein gir ut riktig dokument til riktig person. Målet er éin person, éin identitet.

Fleire tiltak

Kor sikre norske pass er, avhenger ikkje bare av dokumentet og dei nye passa er bare éin del av satsinga. Samlokaliseringa og utbygginga i Fyllingsdalen er eit av fleire tiltak politiet gjer for at innehavarane av norske pass også i framtida kan reise utan visum til like mange land som i dag.

Andre tiltak er:

  • Nye og betre rutinar for å utstede pass
  • Kompetanseheving og opplæring av tilsette
  • Nye biometrikioskar som tek betre og meir nøyaktige bilete og fingeravtrykk
  • linjekontroll i sakshandsaminga
  • Auka tryggleik på passkontora for å sikre utstyr og dokumentar
  • Nytt sakshandsamingssystem

Færre passkontor

En konsekvens av de auka kvalitetskrava er ein reduksjon i talet på passkontor i politidistriktet, noko som er bestemt av Justisdepartementet.

– For mange vil dette bety auka reiseveg for få nytt pass, men dette gjer vi ikkje for å spare pengar. Dei som jobbar med dette må ha det i fingerspissene og for å sikre tilstrekkeleg kompetanse er det krav til eit visst volum pass-saker årleg, seier leiar for Felles eining for utlending og forvaltning i Vest politidistrikt, Trond Sekkingstad.