I dag er politihuset sine funksjonar fordelt på fleire lokalsjonar i Bergen. Politiet meiner ei slik løysing ikkje er hensiktsmessig organisering for å ivareta politiet sine behov i framtida. Politiet har sendt over ein rapport til Justisdepartementet der det anbefalast eit samla konsept.

Det er Statens investeringsregime som stiller krav om ein ekstern kvalitetssikring av eit konseptval for prosjektet som har forventa investeringsnivå på over 1 milliard kroner. Det blei i 2016 utarbeida ein koseptvalutgreiinga (KVU) som medførte ei avgjersle om at det skulle planleggast for eit samla konsept for nybygg i sentrum. Ei tomt som var avsett til formålet blei likevel seinare vurdert som ueigna, mellom anna fordi grunnforhold, avstandskrav og nye sikkerheitskrav ikkje ville vere i samsvar med å bygge nytt politihus på tomta.

I januar i 2019 fekk difor politiet i oppdrag å oppdatere konseptutvalutgreiinga. Arbeidet har halde på frå mars til desember, der dagens utfordringsbilete er beskriven, samt framtida sitt behov, mål og rammeføresetnader. Dernest er det gjennomført ein moglegheitsstudie der ulike løysingar er identifisert og analysert. Til slutt er fleire alternative løysingar vurdert, både i forhold til kostnadar, samfunnsøkonomiske forhold og korleis dei ulike konsepta vil dekke politiet sine funksjonelle behov.

I sommar arrangerte PFT saman med Statsbygg ein dialogkonferanse med eigendomsmarknaden i Bergen. Hensikta var å vurdere gjennomførbarheita i dei alternative konsepta (samla eller delt løysing). Tilbakemeldingane frå marknaden bekrefta at politiet sin anbefaling om eit samla konsept er gjennomførbart.

Det er Politiets Fellestjenester (PFT) som er på oppdrag frå Politidirektoratet har stått for utredninga, med bistand frå Multiconsult. Vest politidistrikt har mellom anna bidrege med behovsvurdering på rom- og funksjonsnivå og vurdering av nærleik til interne og eksterne samarbeidspartnarar. Nye sikkerheitsbehov har også vorte ein viktig del av oppdateringa i utredninga.

KVU-rapporten skal no gjennom ein ekstern kvalitetssikring (KS1) som startar opp før jul. Kvalitetssikringa ventast å ta eit halvt år. Deretter vil saka leggjast fram for regjeringa til endeleg avgjerd om konseptval.

Sjølve rapporten er unnateken offentligheit med hjemmel i Offentleglova § 13, 1. ledd, jf Politiregisterlova § 23, 1. ledd pkt. 2, samt Offentleglova §§ 15, 21, 22 og § 23, 1. ledd.