Halsa kommune vert ein del av den nye Heim kommune saman med Hemne og deler av Snillfjord og dermed ein del av Trøndelag politidistrikt.

Samstundes vert også Rindal kommune overført frå Møre og Romsdal politidistrikt til Trøndelag politidistrikt.

I sør vert Hornindal kommune i Sogn og Fjordane slått saman med Volda kommune og overført frå Vest politidistrikt til Møre og Romsdal politidistrikt.

 - Det er ikkje noko tvil om kva politidistrikt som har det fulle ansvaret for polititenesta etter desse endringane, men vi har ein god dialog med dei to nabodistrikta om handtering av hendingar i dei nye grenseområda, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Men også andre grensereguleringar i Møre og Romsdal endrar politikartet.

Samanslåinga av Eide og Fræna til Hustadvika kommune, fører til at også lensmannsdistriktet som omfattar desse to kommunane vert omdøypt til Hustadvika lensmannsdistrikt og tilsvarande Hustadvika lensmannskontor i Elnesvågen.

Molde politistasjonsdistrikt vil bli større frå nyttår, når Nesset kjem inn som ein del av Molde kommune saman med Midsund.

Det same skjer lenger sør. Her vert både Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy med i nye Ålesund kommune og dermed i Ålesund politistasjonsdistrikt. Det vert også Stordal og Norddal som skal bli til Fjord kommune frå årsskiftet.