Nasjonalt er det 79 prosent av befolkninga som har svært stor eller ganske stor tillit til politiet – to prosentpoeng betre enn i fjor. I Møre og Romsdal er det 78 prosent av befolkninga som har svær stor eller ganske stor tillit til politiet, men det er tre prosentpoeng betre enn i 2018.

Dette går fram av Politiets innbyggarundersøkjing 2019. Denne undersøkjinga har til hensikt å kartlegge innbyggarane si oppfatning av politiet og er gjennomført for tolvte gong.

 - Ei av dei viktigste oppgåvene for politiet er å sørge for tryggleiken og for at innbyggarane skal kjenne seg trygge. Vi brukar store ressursar til beredskap og patruljeteneste heile døgnet, året rundt for å oppfylle dette. Derfor er det gledeleg at 95 prosent av innbyggarane svarar at dei er meget trygge og ganske trygge, seier politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal og viser til at folk i Agder, Møre og Romsdal og kjenner seg tryggast i heile landet.

Tilliten til politiet har dei siste åra vore på eit stabilt høgt nivå, men undersøkinga for 2018 viste ein nedgang på fleire prosentpoeng. Nok av forklaringa på tilbakgangen kunne vere arbeidet med politireforma som har vore i gang sidan 2016. Andre etatar – både her til lands og Norden elles – har opplevd fall i tilliten knytta til gjennomføring store reformar.

 - Eg vel å tolke dei resultata som no ligg føre, som at vi har den vanskelegaste tida bak oss og at vi etter kvart kjem oss over i ei meir normal driftsfase. Men arbeidet med reforma er ikkje avslutta og det er ei god stund før vi verkeleg kan sjå resultata av arbeidet med politireforma. Vi må framover levere ei polititeneste som gjer oss tilliten verdig kvar dag, sier politimeisteren.

Nokre andre funn i undersøkinga:

Folk i Finnmark, Troms, Nordland og Møre og Romsdal er mest samde i påstanden om i at politiet er i regelmessig kontakt med innbyggarane i deira lokalområde.

Finnmark, Troms, Møre og Romsdal, Oslo og Nordland i er mest samde i at politiet er regelmessig synleg i deira lokalområde.

 - Desse to indikatorane er også viktige for oss fordi dei beviser det vi har hevda at vi har oppretthalde ei omfattande patruljeteneste i heile distrikt. Dessutan at vi framleis har god kontakt med innbyggarane i deira lokalområde, seier politimeister Bøen.

Politiet i Møre og Romsdal kjem dårlegare ut når innbyggarane får spørsmål om dei vert behandle med respekt uavhengig av kven dei er. Det same gjeld spørsmålet om at tenestemennene tek rettferdige og upartiske avgjerder.

 - Dette er overraskande og ikkje lite skuffande. Vi må sjølvsagt ta signala på alvor og sjå på kva vi kan gjere for å rette opp dette. Det uråd å seie noko meir om kva som kan vere grunnen til dette. Litt forvirrande for oss at konklusjonane på desse punkta var stikk motsett i 2018. Vi var mellom dei aller beste distrikta på desse spørsmåla, sier politimeister Ingar Bøen.