- Det er ein svært gledeleg nedgang i talet valdtekter og seksuelle overgrep mot barn. Likevel er det truleg mørketal i dette området. Politiet vil difor oppmode alle som har vorte utsette for seksuelle overgrep, også på internett, til å melde frå om dette, seier politimeister Ingar Bøen i samband med at Møre og Romsdal politidistrikt no offentleggjer straffesakstal for 2019.

Politimeisteren er heller ikkje heilt framand for tanken om at nedgangen også kan vere reell.

 - Det fokuset som vi dei siste åra har hatt på det storstilte arbeidet vårt med å avdekke, stoppe og retteføre seksuelle overgrep, kan ha verka avskrekkande. Særleg kan dette ha verka inn i enkelte ungdomsmiljø. Det er derfor vikitig at vi held fram med det førebyggande arbeidet i samarbeid med andre offentlege aktørar og organisasjonar, seier politimeisteren.

Han nyttar også dette høvet til å oppmoda alle om å ha ei bevisstheit om kva som vert delt og kva kvar og ein kan gjere for å førebygge overgrep på nett.

Møre og Romsdal politidistrikt registrerte også nedgang i den totale straffesaksmengda: 11 493 saker i 2018 og 10 748 i 2019 (ein nedgang på 6,5 prosentpoeng). Dette er elles samanfallande med nasjonale tendar.

 - Vi har oppretthalde fokuset og tydeleggjort prioriteringar i behandlinga av straffesaker, med særleg fokus på valdtektsaker og valdtekter mot barn, andre prioriterte seksuallovbrot og mishandling i nære relasjonar. Vi meiner at kvaliteten i dei alvorlegaste og prioriterte sakene er god og at distrikt i større grad enn før evnar å gjere dei rette prioriteringane i samsvar med føringane frå Riksadvokaten og Politidirektoratet, seier Elin Anja Drønnen, som er påtalesjef i Møre og Romsdal politidistrikt.

Drønnen legg til at det som saksfeltet som har utfordra distriktet mest i 2019, er ein stor auke i mishandling i nære relasjonar som auka frå 143 saker i 2018 til 163 i 2019.

– Dette er uorvekkande og vi har sterkt fokus på å prioritere disse sakene også inn i 2020, seier påtalesjefen.

Distriktet sin oppklaringsprosent har lege stabilt på 62 prosent dei siste år og det er godt over den nasjonale oppklaringsprosenten som i år er på 50,8 prosent i år.

 Oppklaringsprosent fordelt på år og kategoriar av lovbrot:

 

2016

2017

2018

2019

Lovbrot generelt

62,7

61,7

62,1

64,2

Vinning

34,2

32,5

33,8

35,5

Vald

59,3

59,1

59,9

57,0

Seksuallovbrot

65,0

59,7

71,9

69,1

 

Bortsett frå trafikk og miljø viser statistikken frå politidistriktet nedgang i alle sakskategoriar.

Kategorien økonomi viser ein nedgang på heile 18,3 prosentpoeng. Noko av dette kan tilskrivast at ikkje alle konkursbo lenger nærast rutinemesssing blir sendt over til påtalemakta. Desssutan har fleire statlege organ lagt om rutinane til innsending av eit langt mindre antall saker.

Trafikktala viser at auken skuldast bruk av meir ressursar frå politiet si side. Auken er generert av auka kontrollverksemd og meir overvaking av trafikken.

 Trafikk-statistikk:

 

2017          

2018

2019

Ulykker med personskade

170

157

176

Kjøring under ruspåvirkning

456

427

494

Antall drepte i trafikken

7

6

10

 

 Tabell Antall anmeldelser 2015-19 Møre og Romsdal PD

Kriminalitetstype

2015

2016

2017

2018

2019

Prosent

endring

2018-19

Vinning

2922

2241

1959

2244

1986

-11,3

Trafikk

2562

2411

2359

2352

2502

6,6

Vold

1141

1187

1283

1265

1203

-5,6

Narkotika

1636

1381

1113

1367

1279

-7,0

Økonomi

359

861

1027

1016

831

-18,3

Skadeverk

579

607

601

561

554

-1,8

Seksuallovbrot

268

385

516

483

387

-19,7

Miljø

207

202

195

157

161

2,5

Arbeidsmiljø

55

55

48

45

42

-8,7

Totalsum

11980

11337

11060

11493

10748

 

 

Noen utvalgte tall fra sivilsektoren:

 

2017

2018

2019

Sivil rettspleie (saker)

25.911

27.000

27.700

Pass (utstedelser)

35.023

32.622

38.152

Bekymringsmeldinger

162

288

317

Uttransporterte*

59

60

57

Førerkortbeslag

 

1.434

1.544**

*Personer uten lovlig opphold i landet

**27% skyldes sykdom, 26% fart, 22 promille, 17% straffbar handling, 4% pålegg om legunderøkelse og 3% rus.

Straffesakstall for tjenesteenhetene 2019.docx