Nettpatruljen Møre og Romsdal illustrasjonsfoto.
Nettpatruljen Møre og Romsdal illustrasjonsfoto.

Politiet til stades på internett (PTI) som teneste, ligg under felles eining for etterretning, forebygging og etterforsking i politidistriktet. Driftseiningsleiar Kjell Arne Hestad er nøgd med å kome i gang. - Seint men godt, er oppsummeringa når vi no lanserer måndag 17. februar, seier han. Det er svært gledeleg at vi no kan opne denne kanalen inn til oss frå publikum.

Kva er ein nettpatrulje?
Nettpatruljen opererer som en politipost der dei sender ut informasjon i form av innlegg, og tek mot melding frå innbyggarane via Facebook Messenger.

Nettpatruljen er enkelt forklart ein annan måte å kontakte politiet på enn å ringe. Telefonbruken går tilbake og spesielt barn og unge har ein annan måte å kommunisere på. Dei sender bilete med tilhøyrande tekst, MEMEs, GIFer, emoji… med andre ord alt anna enn å ringe.

For å nå fram, og for at alle desse skal få ein kanal inn til politiet opnar Nettpatruljen desse kanalane for dei. Fyrst gjennom Facebook, men vi vil også gå inn på andre plattformer. Ulike sosiale medier fungerer på ulikt vis i bruk for politiet, poenget må vere at vi kan kontaktast.

- Enkelte vil innvende at dei som berre brukar sosiale medier må lære seg å ringe med telefon. Men då endar vi opp med at dei let vere å ringe. Det er vi som skal vere der for dei, ikkje dei for oss. La oss gi dei ei kontaktplattform dei kjenner seg komfortable med å bruke, og det gjeld spesielt for barn og unge, seier fagleiar for Nettpatruljen politioverbetjent Kenneth Larsen ved avsnitt for digitalt politiarbeid. Han legg til at Nettpatruljer i andre politidistrikt har erfart at personar som av ulike grunnar ikkje kan ringe, i staden har klart å få sendt melding via chat for å hjelp.

- Nettpatruljen overtek ikkje andre sine politioppgåver, men kjem som eit tillegg. Vi svarer ut dei som tek kontakt så langt det er mogleg. Dersom vi ikkje kan svare, så vidareformidlar vi kontakt til dei rette både i politidistriktet eller til andre instansar. Til dømes kan den rette vere ei kommunal teneste der vedkomande bur, seier Larsen.

Vil videreutvikle som kontaktpunkt

Nettpatruljen har fyrst og fremst eit førebyggade preg, då internett er et medium som vert dominert av dei yngste når det kjem til mengdebruk. Derfor er ikkje bemanning av Facebook på dagtid den beste måten å nå denne målgruppa på. Men Facebook er i 2020 ein god kanal og basisplattform. Tanken er å bygge ut til fleire sosiale medier innan rimelig tid.

- Nettpatruljen vil vere et kontaktpunkt mellom vårt publikum på internett og politidistriktet, forklarar Larsen og legg til at dei vil utføre undersøkingar på internett basert på tips som kjem frå publikum. Enkel sporsikring av digitale spor, som til dømes skjermbileter og skjermopptak, sikring av nettsider, ta mot filer med saksrelevant informasjon o.l. er aktuelt.

- Vi har henta inn erfaringane frå andre politidistrikt som har drifta Nettpatrulje over tid. For vår del vert Nettpatruljen eit levande prosjekt, som må endrast, finstillast og utviklast over tid basert også på våre eigne erfaringar. Arbeidet har no starta, men er langt frå ferdig.

Ta kontakt med oss. No er vi her på nett, oppfordrar han.