Toppturterreng
Toppturterreng

Dette er perioden som vanlegvis er knytt til den beste toppturtida i toppturterrenget. Men vårskisesongen 2020 må verte ulik alle andre vårskisesongar vi har opplevd. Stikkordet er Korona.

Det er bra å gå på tur – men det er viktigare enn nokon gong å tenke seg godt om. Vurdere både før og undervegs om du utset deg sjølv eller andre, inkludert hjelpemannskap, for unaudsynt risiko. Vi har områder i vårt politidistrikt der det er utfordrande å ta seg inn med snøskuter og helikopter. Unngå slike plassar og legg ferdsel i retning av toppturar der du ikkje set redningsmannskap på større prøver om vi må hjelpe deg.

Vi har ingenting imot at folk er i aktivitet og driv med sport som gir utfordringar. Men akkurat no ynskjer vi i politiet at folk droppar den mest risikofylte aktiviteten. Unngå å belaste helsevesenet med typiske skader som uhell på topptur kan medføre. Våren i år er ikkje tidspunktet for dei mest spektakulære toppturane.

Når det vert meldt om godt ver må ein også vere ekstra vaken på val ein gjer oppe i toppturterrenget. Her ser vi tilbake til erfaringane frå til dømes 9. mars 2019, då det etter ein lenger periode med dårleg ver vart sol frå skyfri himmel. Den laurdagen vart det registrert sju skiløparutløyste skred og eitt fjernutløyst skred med elleve personar involvert i Ørsta, Sykkylven og Stranda. I dei fleste av skreda vart ingen tekne, men i eitt av skreda enda det fatalt der ein mann i 50 åra omkom.

Politiet vil gje ros til alle dei som heldt seg til helsemyndigheitene sine oppfordringar gjennom påska. Det vert også gitt ros til alle dei som gjennom året kontaktar politiet ved fjernutløyste og skiløparutløyste skred. Då kan hjelp kome raskt på bana og aksjonar som ikkje er naudsynte kan avblåsast. Vidare er det bra at mange der etter registrerer hendingane dei har opplevd i Regobs-systemet til NVE. Det gir auka kunnskapsgrunnlag til hjelp i førebygging av skred og hjelper andre toppturfolk seinare til å ta kloke val for trygg ferdsel.

Så langt i år er det registrert berre fire skiløparutløyste skred med seks personer involvert i vårt politidistrikt, og ingen utan større skader. I samarbeid med toppturfolket har vi tru på at talet kan fortsette å haldast lågt, heilt til snøen er vekk og sommaren er her.

 

Før tur - sjekk Varsom.no

Før tur gå alltid innom Snøskredvarselet til Varsom.no